Lag din eigen kniv
 
Knivar av Knut Dahl, Eidsfoss
                                                                                Knivarbeid av Knut Dahl

            Arbeid med temaet KNIV  i Kunst og handverk  for 8. klasse ved Stryn ungdomsskule

                                                                              Laga av Torbjørn Håvik
 
                                       Laga for Tomas, Sigrid, Iris, Helge, Grete, Anton, Kristin, Kjetil, Kristian, Agnete, Arild og Paul Arne

Dette er eit prosjekt som eg valde både av eiga interesse for emnet og fordi elevane viste interesse. På grunn av at vi berre har to veketimar vil vi ikkje få ferdig knivane innanfor tidsfristen for denne prosjektoppgåva. Bilde av knivane med elev- kommentarar skal etter planen leggast inn seinare, men kanskje i ei anna form og på ei anna adresse.

Elles er dette hovudsida, og du kan sjå i tabellen at dei to største arbeidsområda skaft og slire har fått si eiga hovudside. På desse sidene finn du linkar til enkeltelementa innanfor kvart område. "Lag din eigen kniv" er ikkje ei lærebok, men meir min måte å presentere emnet på utifrå eigne erfaringar. Det vil vere positivt å få tilbakemeldingar, slik at opplegget kan bli betre på litt sikt. Eg håpar at elevar og lærarar kan ha nytte av opplegget, særleg dersom det er vanskeleg å finne egna litteratur, eller det er langt til næraste kurs i emnet.
 

Kniven Skaftet  Bladet Slira  Linkar Utstilling, ikkje ferdig enno


Eg vil gjerne rette ei stor takk til forfattar og knivmakar Knut Dahl for velvillig utlån av teikningar og bildestoff henta frå boka Pauting, og til redaktør Øystein Køhn i Knivbladet for at han på sparket gav meg lov til å låne bildestoff frå  nr 3/97. Utover det har eg ikkje brukt andre kjelder enn det eg har snappa opp her og der i løpet av dei åra eg har laga kniv.

Det må ikkje kopierast bilder eller teikningar frå denne oppgåva utan løyve frå den som har opphavsretten til tekst og/eller bildestoff.