![]() |
Meininga med dette dokumentet er å bruke det som prosjektoppgåve,
men sidan det ikkje finst noko slikt på internett så vidt eg
veit, er det vel på tide at nokon legg ut eit undevisningsopplegg
om knivmaking . Det har heller ikkje vore laga noko i vårt distrikt
til bruk i skulen.Det er ikkje til å unngå at noko av opplegget
må bestå i teori, sidan knivmaking er ein aktivitet som krev
allsidige kunnskapar av utøvaren.
Eg har hatt tilsvarande opplegg i skulen eit par gongar før.
For to år sidan hadde eg faktisk ei valfaggruppe som laga knivar
heile året.
Det var kjekt at så mange som 12 elevar valde denne oppgåva
no. Mi erfaring er at gjennom arbeidet med knivar vert det utvikla ei haldning
til nøyaktig arbeid, samtidig som ein lagar noko som både
er nyttig og som betyr noko spesielt for stadig fleire. Det er vel knapt
nokon som ville samle på høvlar eller sylar, men det finst
mange her i landet som har ein nokså stor samling knivar. Mennene
er dominerande i norsk knivmiljø, og difor er det gledeleg at 5
av elevane i knivgruppa er jenter. Kanskje desse viser eit skifte i trenden?
| Innleiing | Form, linjer og begrep | Slira hovudside | Send meg eit brev |
| Å lage ein kniv | Skaftet hovudside | Utstilling, enno ikkje ferdig | Tilbake til Hovudsida |
| Tradisjonar | Bladet | Linkar |