Å lage ein kniv
Knivar
av Knut Dahl frå boka hans om Pauting
Fin brukskniv! Foto: Øystein Køhn
For 5 år sidan laga eg min første
kniv. Eg hadde ikkje erfaring tidlegare, men hadde fått ein fin kniv
som eg sette stor pris på. Det første forsøket vart
ikkje så bra, men hadde litt spesielle kvalitetar likevel. Skaftet
var av almeknute, bladet var smidd på Frøholm i Innvik under
krigen og læret var heimegarva av bestefar min før krigen
(visst nok av svin, og no er det sprøtt som papir). Seinare har
det blitt ein del knivar, framleis utan kursing eller rettleiing under
arbeidet. Dei fleste er enkle, men nokre har holk av kvaltann med innlegg
av metall og lær bak holken. Eg har fått ein del gode råd
av ein tusenkunstnar og knivmakar frå Gloppen som heiter Anders Almenning.
Takk til deg, Anders!
Å lage ein kniv er ikkje vanskeleg. Du
kan greie å lage ein enkel brukskniv med svært enkle middel,
og det treng ikkje å koste all verda heller, ca 250 kroner i materialkostnader.
I tillegg kjem det du måtte trenge av verktøy. Å lage
ein god brukskniv er noko heilt anna. Då stig krava til formsans,
materialvalg, krav til nøyaktig tilpassing osv. Dette er element
som ein knivmakar utviklar etter kvart som erfaringa kjem. Nokre har betre
evner en andre og kan utvikle ferdigheiter som høyrer inn under
førsteklasses brukskunst. Mykje av det vi finn som vinnarprodukt
på knivutstillingar, f.eks på Jakt og fiskedagane på
Elverum, er så pass avansert at det kan skremme meir vanlege
knivmakarar frå å delta. Desse knivane er knapt laga for å
brukast. Dei er nesten ikkje knivar, men meir kunstgjenstandar med kniven
sine eigenskapar. Dette gjeld både stasknivar og dei finaste av bruksknivane.
Mi interesse for kniv ligg eit stykke nede på utsmykkingsskalaen.
Det er viktigare at ein kniv er god å halde i, har ei slire som held
kniven på plass, at bladet er skarpt og har ei fin form og at stålet
er av ein kvalitet som gjer det lett å sette opp kniven og som held
seg skarpt.
"Årets kniv 1997" på
Elverum Foto: Øystein Køhn
Klassevinnar Elverum 1997 Foto: Øystein Køhn
Ein god "heimelaga" kniv kostar i Stryn 500 -
1000 kr, og bør etter mitt syn ikkje koste noko særleg meir
heller, i alle fall dersom den skal brukast som eit verktøy.
Den blir for kostbar å misse eller å få øydelagt.
Det er nok fleire meiningar om dette, og eg kan berre hevde mi meining.
Uansett; kjøper du eller lagar du ein kniv av den typen det er snakk
om her, kan du vere trygg på at ingen andre har akkurat maken. Det
er eit viktig skilje frå fabrikknivane. Dersom du "berre" skal bruke
kniven til skjering, sløying eller spikking kan ein fabrikkniv vere
grei nok. Men er du på jakt etter noko meir, kjem du ikkje utanom
ein fin tollekniv med heimesmidd blad frå ein god smed. Går
du med planar om å lage din eigen kniv for første gong, skal
du vere klar over at det finst ein del kurs rundt omkring i landet. Eg
anbefaler KNIVBLADET, Nork Knivforenings tidsskrift, der du finn
det meste du treng om kniv og knivmaking.
Adresse: Norsk Knivforening, Norsk Skogbruksmuseum
Boks 117, 2401 Elverum.
Men du kan gjere som eg; les deg til det grunnleggande,
kanskje har biblioteket bøker om emnet, eller kanskje du finn dette
undervisningsopplegget nyttig. Gjer du det, er det bra, om du treng meir
informasjon, kan eg hjelpe deg med adresser av forskjellig slag. Ta
kontakt for meir informasjon.