Kort om den norske knivtradisjonen

Den norske tollekniven (gammalnorsk: tolgaknifur) har alltid vore eit av dei viktigaste verktøya for den norske bonden.
Å telje vil seie å skjere i tre (nordfjordsk; å smie). Til det er tollekniven godt egna mykje på grunn av det femkanta tverrsnittet. Slipefasen (sjå form linjer og begrep) er rett eller svakt bua, noko som gjer at kniven kan fungere som ein høvel. Bladet er relativt kort og kraftig, slik at ein kan bruke kraft i eine tilfellet og seinare bruke spissen av kniven til finarbeid. Det er vanleg å skilje mellom brukskniv og staskniv. Brukskniven var som namnet fortel den kniven ein brukte til vanleg, og som derfor måtte ha dei beste brukseigenskapane. Desse knivane var enkle i form og var i dagleg bruk, både som verktøy og som bordkniv (bestikk var lenge ukjent på norske bord). I og med at kniven alltid hang i beltet, var det ikkje til å unngå at han vart brukt som våpen når sinna kom i kok. Ofte skjedde det i samband med bruk av alkohol (jfr. Fanitullen av Jørgen Moe). I enkelte deler av landet var det reglar for slike oppgjer, men som oftast var det ikkje tid til å bruke regelverk.
Ein staskniv var mykje meir forseggjort enn brukskniven, men hadde dårlegare brukseigenskapar. På grunn av utsmykking, form og storleik var den ikkje så godt eigna til dei forskjellige arbeidsoppgåvene ein tollekniv skulle ha. I enkelte distrikt av landet vart staskniven utvikla til reine kunstgjenstandar med kniven sine brukseigenskapar. Det er vel ikkje urettferdig for nokon dersom innlandsbygdene i Telemark blir trekt fram som leiande på dette området. Her finst rike knivtradisjonar, som er ført vidare også idag. Ein som har gjort seg særleg bemerka i våre dagar er Olav H. Wåle, som også har laga to gode lærebøker om emnet.
Lokalt har vi ingen kjende knivmakarar i øverste divisjon. Likevel har eg eit godt tips til den knivinteresserte som har sans for bygdemuséum. Reiser du igjennom bygda Hornindal så ta eit stopp på Svor-muséet. Der er det utstilt eit knivskaft som biletkunstnaren Anders Svor skar ut med tollekniv som 12-åring. For den knivinteresserte er skaftet åleine verd eit besøk.

I  våre dagar er knivmaking endå meir utvikla enn før. Det vert gjort forsøk med nye kombinasjonar av materialer, og nye stålkvalitetar vert brukte. Knivutstillingar og konkurransar gjer sitt til at utviklinga held fram, og mange knivmakarar ligg på eit utruleg høgt nivå. Det gjer at ein god del av bruksknivane nesten er for fine til å brukast. Dei er på ein måte stasknivar utforma etter bruksknivtradisjonen

Eit par historier
Ein kniv som hadde drept ein mann måtte behandlast på ein spesiell måte. Blodet måtte ikkje tørkast av, og kniven måtte ikkje brukast meir. Den vart i staden sett på hylla til folkemedisinsk bruk. Det var god folketru at drapskniven kunne stille blod dersom han vart behandla på rette måten. Vart blodet tørka av, misste kniven dei magiske eigenskapane.
 
Ein annan tradisjon, som er i bruk enno, er at ein aldri skal gje ifrå seg ein kniv utan å få betaling for den, i det minste skal ein ta ei krone. Dersom ein tek betaling kan ikkje den som får kniven bruke den imot gjevaren.

Her på våre kantar har vi eit uttrykk som heiter "å smie seg ei minke", noko som betyr at ein spikkar på eit emne utan noko spesielt føremål bortsett frå å få tida til å gå, men emnet minkar og minkar.......

 

Innleiing Form, linjer og begrep Bladet Send meg eit brev
Å lage ein kniv Skaftet hovudside Linkar Tilbake til Hovudsida
Tradisjonar Slira hovudside Utstilling, ikkje ferdig enno