Emnet

Eit godt skaft må ha eit godt emne. Men kva er eit godt emne? Det kjem an på kven ein spør. Knivmakaren med lite erfaring vil gjerne ha eit emne som har fint mønster, som ikkje er for hardt slik at det er lett å forme og som ikkje sprekk etter ei tid. Den meir erfarne vil i tillegg  sjå utfordringar i å bruke kombinasjonar av forskjellige materiale, der ulikheiter i mønster, struktur og hardheit varierer. Knivbrukaren vil gjerne ha eit emne som er både vakkert og som står for ein støyt og treng lite vedlikehald. Det seier seg sjølv at det ikkje er lett å finne emne med alle desse eigenskapane. Eit godt emne bør vere fri for borklommar (bork inne i veden) og sprekker. Det bør ha ein tett og fin struktur Ein bør etter mi meining bruke norske tresortar, som f.eks bjørk, svartor og selje. Risknutar og røter frå desse treslaga kan gje svært fine skaft. Valbjørk er ettertrakta, men finst visst nok ikkje på Vestlandet. Særleg fint skal runnen rot av klunger (nyperose) vere. Runnen ved er ved med bølgestruktur, som derved ser tverrstripa ut. Dersom ein har lyst til å prøve andre tresortar, finst det forhandlarar som har eit utruleg utval. Men eg prøver etter beste evne å unngå bruk av tropisk lauvskog, også til knivskaft.
Når ein skal lage kniv i skulen, er det viktig å ha emne som let seg forme forholdsvis lett. Denne gongen har eg skaffa emne frå rota til ei bjørk som eg fann i skogen ikkje langt frå der eg bur. Etter å ha innhenta løyve frå skogeigaren vart bjørka felt og rota delt opp i emne som vart smurt med trelim i endane for å unngå sprekking. Emna er to år gamle, og er godt tørre. Dette er spesielt viktig dersom ein skal ha holk på skaftet, anten det er metallholk eller f.eks kvaltann. Er ikkje emnet tørt nok, vil det krympe og det blir danne seg skjemmande kantar etter ei tid. Holken krympar nemleg ikkje!
 

 
Skaftet hovudside  Skaftform Impregnering  av skaftet
Emnet Montering av bladet Send meg eit brev
Tilpassing av skaftet Farging av skaftet Til hovudsida