Før du gjer noko med fargen på skaftet,
må du vurdere om du i det heile skal bruke farge. Kanskje er både
mønster og fargen til veden slik at du
ikkje treng gjere noko ekstra. Du må og tenkje på at impregneringa
av
skaftet vil få fram glansen i veden, ein
glans som kanskje forsvinn ved beising. Har du bestemt deg, må du
tenkje
igjennom fargeval og mengda av farge. Begge deler
kan til ei viss grad justerast etterpå, men bør vere klarlagt
på
førehand.
Til farging av skaftet brukar du beispulver løyst
i vatn (Herdin beis eller liknande). Har du eit skaft av
sæleg tett
ved (f.eks. runnen ask), kan du få problem
med å få beisen til å trenge inn i veden. Då kan
du bruke beis løyst i
sprit, eller du kan bruke lærfarge. Lærfargen
har ein tendens til å løyse seg litt i olje, så dette
får du prøve deg
fram med. Beisen kan påførast både
med pensel og svamp, eller du kan dyppe skaftet i beisen.
Eg brukar to hovudmetodar:
Metode 1
1. Farg skaftet med ein mørk beis, la tørke.
2. Puss forsiktig med fint sandpapir slik at du får fram lyse felt
i veden.
3. Beis på nytt med ein lysare farge, gjerne einannan farge enn den
mørke.
4. La tørke.
Metode 2
1. Beis skaftet med ein mørk beis og la beisen tørke inn
i veden.
2. Medan beisen enno er fuktig skal du skylle skaftet raskt under
rennande vatn.Då vil den beisen som er ytterst i veden bli skylt
bort. La tørke.
3. Beis med ein annan farge som i metode 1.
I tillegg kan du starte med ein svak beis, og
beise fleire gonger til du har fått den fargemetninga du vil ha.Nokre
knivmakarar brukar sterke signalfargar på skafta (rødt, grønt,
gult, osv). Det får vere litt opp til den enkelte
å skaffe seg erfaring med fargevalg. Du kjem lengst med å erfare
sjølv.
| Skaftet hovudside | Montering av bladet | Send meg eit brev |
| Emnet | Farging av skaftet | Tilbake til hovudsida |
| Tilpassing av skaftet | Impregnering av skaftet | |
| Skaftform | Til toppen av sida |