Til impregnering av skaftet kan ein bruke Danish
oil, Oxanolje eller ei blanding av like deler terpentin, kokt
linolje og benarolje. Mengda av terpentin
kan aukast dersom emnet er av eit hardt treslag. Linoljen gjev skaftet
ein gulfarge, som må takast omsyn til i samband med farginga av skaftet.
La skaftet stå i oljen i eit døgn. Ta opp kniven og tørk
av det overskytande av oljen. Tørk godt av bladet. Puss lett med
slipepapir nr 1200 og la skaftet stå til oljen er herda, ca 2 døgn.
Deretter kan du polere med ein bomullsklut, med tørkepapir (kjøkkenpapir)
eller med ei poleringsskive om du har tilgang til det. Tørk av skaftet
til slutt slik at du får bort eventuelle restar etter poleringa.
Skaftet vil ha godt av vedlikehald etter ei tid.
Då kan du pusse lett med fint slipepapir og stryke på stokkolje
(til geværkolbar) eller bruke Danish oil.
Impregnering av skaft med Danish oil: Sjå f.eks katalog frå Jørn Jensen Skoreparasjon og Lærhandel, tlf 63 81 09 39.
| Skaftet hovudside | Skaftform | Impregnering av skaftet |
| Emnet | Montering av bladet | Send meg eit brev |
| Tilpassing av skaftet | Farging av skaftet | Tilbake til Hovudsida |