Eg monterer blad etter følgjande framgangsmåte:
1. Masker med isolasjonstape rundt holet og 2 - 3 cm oppover skaftet.
2. Masker bladet slik at når det står på plass i holet,
er stålet dekka 2 - 3 cm
oppover frå skaftet.
3. Klipp ut ein bit av ein melkekartong, ca 10 cm i firkant. Pass på
at du får
med eit hjørne til brettekant.
4. Bland ut passeleg mengde blå Araldit på kartongbiten og
varm limen med
hårfønar. Limen vert då
tyntflytande.
![]() |
5. La limen renne ned i tangeholet.
6. Montér bladet og tørk nøye vekk alt limsøl.
Vask eventuelt med aceton, som
du kan få i lærforretningar (neglelakkfjerner
inneheld aceton, men også fett!)
7. Justér eventuelt retningen sidelengs (den bør stemme frå
før) og set vekk
kniven til tørking.
| Skaftet hovudside | Montering av bladet | Send meg eit brev |
| Emnet | Farging av skaftet | Hovudsida |
| Tilpassing av skaftet | Impregnering av skaftet | |
| Skaftform | Til toppen av sida |