Det finst utruleg mange måtar å lage knivskaft på. Derfor vil eg berre ta føre meg nokre få av hovudprinsippa.
Skaftforma
Utforminga av sjølve skaftet skjer ved
hjelp av rasp, fil, kniv eller ei slipelist som er laga ved at sandpapir
vert limt på ei trelist med dobbeltsidig tape. Dette kan vere eit
ok tips dersom sløydsalen er som vår; nesten utan brukbart
verktøy. Det er viktig at skaftet har ei form som gjer at det sit
høveleg fast i slira. Sjå kapittelet om slira.
Etter at skaftet er grovforma, skjer vidare utforming
ved hjelp av sandpapir og våtslipepapir. Eg startar med nr 80 og
endar opp med nr 600, av og til 1200. Mellom kvar pussing skal emnet fuktast
med vatn og tørkast (vannbeising). Ikkje bruk for mykje vatn så
emnet blir vått, då går det lenge før det tørkar
Når du har fått ei silkeglatt overflate er skaftet ferdig til
eventuell farging. Du kan sjekke overflata ved å halde emnet opp
mot lyset og dreie det langsomt rundt lengdeaksen. Då vil sjølv
usynlege småfeil dukke opp i skuggekanten.
"Som ein feit ørret"
![]() |
![]() |
| Skaftet hovudside | Montering av bladet | Send meg eit brev |
| Emnet | Farging av skaftet | Tilbake til hovudsida |
| Tilpassing av skaftet | Impregnering av skaftet | |
| Skaftforma | Til toppen av sida |