Tilpassing av skaftet

Når du skal finne ei skaftform som passar til bladet, må du prøve deg fram. Dette er særleg viktig dersom du ikkje har erfaring
frå før. Du kan då bruke følgjande framgangsmåte:
 
                                1. Legg knivbladet på eit teikneark og teikn fleire omriss ved sida av kvarandre.
 
Teikn kniven fleire gonger
                                                                    Teikning: Knut Dahl
 
                                2. Lag fleire utkast til knivskaft på desse omrissa. Skaftet skal vere tilpassa
                                    storleiken på handa, og det er breidda på knytteneven som er avgjerande.
                                    For dei fleste vil det seie ei skaftlengde på 10 - 12 cm. Prøv å få til ei form
                                    der skaftet er på det tjukkaste litt nedanfor midten mot bladet. Dersom du
                                    ønskjer lik breidde på skaftet i heile lengda, må du auke tjukkleiken tilsvarande.
                                    Lag ikkje for store skilnader mellom største og minste omkrins, for då får du ein
                                    kniv som sit for fast i slira. Prøv å halde deg innanfor ei form som gjer at du kan
                                    plassere slirekanten der omkrinsen er 2 - 3 mm mindre enn største mål.

                                3. No høver det å lage hol for knivtangen. Det er ein fordel å gjere det før du
                                    startar utforminga, slik at du kan rette opp eventuelle retningsfeil utan at
                                    skaftet vert for tynt.Finn ut kvar det høver å bore hol for tangen ved å legge
                                    blad et langs skaftet og så teikne strek langs tangen. Deretter lagar du ein
                                    strek langs midten av emnet. Oppteikninga av tangen fører du rundt hjørnet
                                    til den kortenden av skaftet der tangeholet skal vere og strekar vinkelrett på
                                    midtlinja. I dei to skjeringspunkta lagar du hol med syl, slik at boren ikkje glir
                                    i starten. Du borar så to hol slik at dei føl midtlinja og oppmerkinga av tangen.
                                    Bor til slutt eit hol midt imellom dei to første. Bruk ekstra lang bor, som bør
                                    vere litt tynnare enn bladet er der det går inn i skaftet (brystninga), vanlegvis
                                    3 mm.
 
 

Merk av tangen på skaftemnet Merk av hola med syl
                                                    Merk av tangen på emnet                                                   Merk av for boring
                                                    Teikningar: Torbjørn Håvik                                            
 
Bor skrått med lang bor Grav ut med ei rasp eller ei lita sag
            Bor minst to hol                                                                               Bruk tangerasp eller ei lita sag
                Teikning: Knut Dahl                                                             Teikning: Knut Dahl   

                               4. Ved hjelp av ei lita sag eller rasp kan du så tilpasse holet slik at det passar til tangen. Det er
                                   viktig å vere forsiktig slik at du ikkje lagar holet for stort. Ein annan måte å gjere dette på er
                                   å gløde tangen og så presse den inn i skaftet langs det midterste holet. Pass på at du ikkje
                                   gløder bladetså du endrar på herdinga. Dette kan virke dramatisk, men går faktisk
                                   veldig fint og kan spare deg for ein del arbeid.
 

Holet må passe til tangen Ver nøye med tilpassing av bladet til skaftet
                  Tangeholet må passe                         Retningen må vere justert
                  Teikningar: Torbjørn Håvik
                  
              Raspa eller saga kan du lage sjølv ved å lime saman to stikksagblad med Araldit etter at du har
              slipt av litt av spissen. Det er ein fordel å slipe før du limar, slik at ikkje limet løsnar på grunn av
              varmen frå slipinga. Du kan få kjøpt rasper hos forskjellige firma rundt om i landet.

 
 

Skaftet hovudside  Montering av bladet  Til toppen av sida 
Emnet Farging av skaftet  Send meg eit brev 
Tilpassing av skaftet Impregnering av skaftet  Hovudsida
Skaftform Ta kontakt for adresseliste