Læret
Kunnskap om lær er ein heil vitenskap. Det finst fleire typar
lær som er brukbart til slirer. Lær med rårand har vore
benytta lengst. Tidlegare var heimegarving vanleg, og då tok sliramakarane
læret ut av garvebadet før læret var gjennomgarva. Gjennomgarva
lærtypar som bindsålelær, masur og Shaflær er komne
til seinare.
Læret skal ha ein del eigenskapar for å vere brukbart til
sliremateriale. Det skal vere så sterkt at kniven ikkje kan skjere
seg igjennom og skade brukaren, samtidig som det skal beskytte kniveggen
mot skader. Det skal ha godt hold i saumen, vere lett å arbeide med,
ha kort bløytetid før tilskjering og det skal vere lett å
dekorere med pauting, preging eller skjering. Det skal vidare vere lett
å få ein jamn farge, og det skal bli blankt og fint ved polering.
Det seier seg sjølv at dette er strenge krav, men dagens lær
greier det stort sett fint. Bindsålelær og Shaflær er
nok best egna til skjering, medan valklær og Østfoldlær
er betre til pauting. Begge desse siste typane har eit lag (ei rand) i
midten som ikkje er garva. Denne blir plastisk etter bearbeiding med pautejern
(modellerjern) slik at massen kan flyttast og brukast til forming av dekor.
For vidare informasjon om lær viser eg til bøker om knivmaking
og om lær som du kan få i diverse lærforretningar.