Til farging av lær brukast spesiell lærfarge. Denne kan du få med eller utan sprit som løysemiddel. Fargen kan kjøpast i lær- forretningar, og du kan få mange forskjellige fargar. Eg brukar for det meste svart, raudbrun og brun, men tida er vel snart inne til å utvide utvalet. Til farging kan du bruke penslar i forskjellige dimensjonar, helst med litt stiv bust. Du kan også bruke filt- pensel eller svamp til dei større flatene på slira, men det er alltid små krokar der berre penselen kjem til. Tidlegare var det mest vanleg å bruke berre ein farge på slira, medan dekoren vart skoren pauta eller prega inn i læret .Det enklaste er å farge slira med ein farge, men her ligg det store mulegheiter for den som vil prøve ut ulike teknikkar eller finne nye måtar å gjere det på.
Uansett må læret vere reint for fett før farging. Det er ikkje til å unngå at det smittar frå fingrane til læret medan du syr eller dekorerer, og er det fett på læret, vil farginga bli ujamn. Derfor kan det vere ein fordel å tørke overflata med ein klut med litt aceton på. Husk berre på at aceton er svært brannfarleg og kan gje løysemiddelskader. Sørg for god ventilasjon! Neglelakk- fjerner er for det meste aceton, men inneheld litt fett. Rein aceton kan kjøpast i enkelte lærforretningar.
Farg læret i fleire omgongar til du har fått den fargen du vil ha. Polér med ein mjuk klut. Dersom du vil ha effektar på slira, med fargesjatteringar eller fleire fargar, bør du lese ei bok som handlar om emnet, f.eks boka til Knut Dahl. Rett nok har eg eit par tips som kan vere brukbare, men eg har inga stor erfaring med fleirfarga slirer:
Dersom
du brukar filtpensel, kan du først dyppe denne i svart farge og
la det tørke. Deretter brukar du raudbrun farge på vanleg
måte. Ved å polere før fargane er heilt tørre
kan du få fram vekslingar ellom svart og raudbrunt som gjev slira
eit antikt preg.
Vidare kan du bruke sprittusj på små detaljar. Eg laga ein gong ein fiskekniv der det var pauta ei laksefluge. Den farga eg med sprittusj, og det gjekk rimeleg bra.
Til slutt eit meir avansert tips. Eg var på villmarksmesse her i Stryn sist vår, og då kom eg i snakk med ein knivmakar som har ein elegant måte å lage mønster i slira på. Han brukar ei høvla og pussa flate frå den bjørkeknuten skaftet kjem frå, stryk på garvesyre og plasserer trestykket oppå den lærbiten som skal bli til slire. Etter ei tid vil mønsteret i veden bli ført over til læret, og dekoren på læret vil vere omlag det same som på skaftet. Deretter kan ein farge med lyse fargar. Svært stilig!
Fin innfarging med to fargar
Knivmakar: Knut Dahl
Etter at slira er tørr skal ho setjast inn med eit spesielt lærfett. Bruk ikkje for mykje, det kan gjere slira for mjuk. Seinare behanding føregår med skokrem i rett farge. Slira bør impregnerast innvendig med kvistlakk. Det gjer du ved hjelp av ein høveleg pensel, eller du kan fylle slira med kvistlakk og så tømme restane tilbake i flaska gjennom dreneringsholet. Då kan slira sjå misfarga og øydelagd ut , for kvistlakken kan trekke ut gjennon saumen. dette kjem seg når lakken tørkar.
| Slira hovudside | Saumen | Farging og impregnering |
| Om læret | Kniven som slirelest | Send meg eit brev |
| Sliremalen | Hempa | Tilbake til hovudsida |
| Skjæring | Pauting | |
| Merking | Tørking av slira |