Pauting og preging

Pauting og preging er to forskjellige måtar å dekorere på. Begge tek utgangspunkt i fuktig lær. Pauting er bokstaveleg tala det mest djuptgripande, og gjev dei høgaste relieffverknadane. Når du skal paute, flyttar du masse i råranda frå ein stad til ein annan. Skal det gå bra, må råranda bearbeidast til den blir plastisk. Det gjer ein ved å bløyte den og deretter "grave" i læret med eit eigna modellerjern med kraftige bevegelsar til ein kjenner at massen løsnar. Det er viktig at alle skarpe kantar er fjerna, for ellers vil narven bli skada og skjemmande sår oppstår. Puss jernet med fint smergelpapir (1200) og polér på polérskive til overflata er glatt og fin. Kontrollér nøye for sår, helst med lupe.

Bløyting
Læret bør vere halvtørt når pautinga startar. Bruk følgjande framgangsmåte ved bløyting: Legg lærbiten i lunka vatn med narvsida (utsida) ned. Det vil då kome små luftbobler ut av læret. Når du ikkje kan sjå fleire bobler, (etter 10-15 min) tar du biten opp av vatnet og tørkar den med kjøkkenpapir. Ved så kort bløytetid unngår du for sterk svelling av læret, og derved  sterk krymping. Det er ein fordel å legge den uferdige slira i ein plastpose i kjøleskapet natta over før du startar pautinga, då sikrar du deg at råranda er mjuk og fin og likevel ikkje for fuktig.Vent med pautinga til slira har nådd romtemperatur. Start med kraftige, store bevegelsar, og sørg for at du har skikkeleg tak i pautejernet så det ikkje glir. Du skal ikkje tenkje detaljut- forming, men samle lærmasse i området der du skal ha forhøyningar. Når massen er våt, vil den ikkje vere så formbar, men gå tilbake til opprinneleg form omlag som ein svamp.Du kan grave vekk masse i områda som ligg inntil forhøyningane, slik at du forsterkar høgdeskilnadane. Etter ei stund vil massen tørke så pass at han let seg forme meir detaljert. No er tida komen for å grovforme mønsteret. Etter som tørkinga fortset, kan du lage finare detaljar. Du må då redusere på arbeidstrykket etter kvart som du bearbeider detaljane. Til slutt skal detaljane gjentakast, slik at du sikrar deg den endelege forma.
Preging er ei anna form for dekorasjon, der ein trykkjer mønsteret inn i læret utan å flytte på underliggande masse. Også her må mønsteret gjentakast etter som tørkinga går framover. Preging går føre seg med same redskap som pauting.
 

 

Slira hovudside  Saumen  Farging og impregnering
Om læret Kniven som slirelest Send meg eit brev
Sliremalen Hempa Tilbake til hovudsida
Skjæring av slireemnet Pauting
Merking Tørking av slira