Så til syinga. Bruk ei nål med rund spiss, f.eks salmakernål.
Det kan vere litt vondt å tre i tråden fordi auget er lite,
men det gir
finare saum når du først har fått det til. Lås
av trådenden før du startar å sy.Det finst mange typar
tråd som egnar seg. Personleg brukar eg uvoksa og ufarga lintråd
i størrelse 18/0, som eg kan farge etter behov og vokse ved å
dra tråden nokre gonger over ein bit bivoks. Då held tråden
seg betre i hola slik at stinga ikkje glir opp så lett. Du kan med
fordel dra nålene gjennom ein bit parafinvoks av og til. Då
glir dei lettare dersom hola er for trange. Du kan også bruke tang
for å dra nålene gjennom hola. Nokre vil finne tråd nr
18/0 for tjukk. Spør deg til råds der du handlar. Du
kan også bruke nylontråd av den typen som blir brukt til garn
og nøter i sjøen. Ein kjend knivmakar og smed eg snakka med,
brukar vanleg flat tanntråd i sine slirer, og syr dei finaste saumane
eg har sett. Han sa at ein bør legge litt arbeid i å rulle
tråden rund før ein brukar den, og at ein må lage låsesting
for kvart hol. Men fordelen med tanntråden er at den er passeleg
tynn, er sterk og er ferdig voksa. Den saumen eg syr kallast salmakarsaum,
som går ut på å sy med to nåler. Då vert
nålene førte kvar sin veg gjennom hola, slik at dei etter
kvart vert til ein jamn saum. Dersom du har problem med at tråden
glir, kan du stikke nåla gjennom løkka
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
før du drar til stinget. Då aukar friksjonen noko, og stinget glir ikkje opp så lett. Avslutt kvart sting med å stramme litt i begge trådendane, pass på at du strammar like mykje kvar gong. Du skal også setje inn nåla frå same sida kvar gong. På den måten blir saumen jamnast. Mange brukar ein såkalla slirelest (tremodell av kniven) til å sy slire på, andre set slira fast i ei klemme. Eg syr gjerne for hand, og sidan dette er mest kos, sit eg gjerne i ein Stressless med kaffikoppen ved sida og TV-en på. På den måten blir slira passeleg tørr til pautinga kan starte.Når du har sydd det nest siste stinget, avsluttar du med låsesting og syr tilbake 2-3 vanlege sting. Deretter kuttar du trå¨den så nær inntil saumen som muleg. Til slutt går du over saumen og glattar/formar den med eit falsebein, som er ein flat pinne av bein, plast eller hardved.
Alle teikningar på denne sida er laga av Knut
Dahl
| Slira hovudside | Saumen | Farging og impregnering |
| Om læret | Kniven som slirelest | Send meg eit brev |
| Sliremalen | Hempa | Tilbake til hovudsida |
| Skjæring av slireemnet | Pauting | |
| Merking | Tørking av slira |