Kniven som slirelest

 
Slirelesten er etter gammal tradisjon eit utskore trestykke som har same skaftform som kniven og same form som slira innvendig. Slirelesten brukast til å sy slira på og skal sitje på plass under tørkinga. Då får slira etter kvart form etter lesten.Ein annan metode er å bruke kniven som slirelest. Då får vi ei meir nøyaktig tilpassing av slira. Blokkreim hindrar at slira sit fast
Vått lær avgir litt garvesyre, og denne syra får knivstålet til å ruste nokså fort.Det er difor viktig å beskytte kniven under tørkinga. Det kan gjerast på fleire måtar. Du kan bruke elektrotape og legge den i spiral rundt kniven så langt som slira går. Pass på at tapen dekkjer heilt. Det er ein fordel å stryke på litt lærfett på bladet, men då blir tapen litt vanskeleg å feste i starten. Ein annan metode er å dekkje kniven med plastfolie. Pass då på at du brukar fleire lag, slik at bladet ikkje så lett går igjennom folien. Du kan óg med fordel klippe til ein bit av ein melkekartong så den passar til bladet. Fest biten til knivbladet med tape og stikk så kniven i slira. På denne måten får den ferdige slira ei litt fyldigare form. Når knivslira tørkar, krympar den og kniven vil sitje heilt fast dersom vi ikkje tek forholdsreglar. Det kan faktisk hende at du ikkje får kniven ut av slira. Då er det lurt å bruke blokkreim, som er ei remse av plast (0,5 - 1 mm tjukk) som skal sitje i slira under tørkinga. Tynn ut reima ut mot sidene så det ikkje blir laga skjemmande kantar i den ferdige slira. Reima kan dragast ut med tang før du tar ut kniven etter at slira er tørr.
 

Blokkreim  Teikning: Knut Dahl


 

Slira hovudside Saumen Farging og impregnering 
Om læret Kniven som slirelest Send meg eit brev
Sliremalen Hempa Tilbake til hovudsida
Skjæring Pauting
Merking Tørking av slira