Sliremalen

Det er mange måtar å lage sliremal på. Eg har funne ein som passar for meg, men du finn nok andre som kan vere minst
like bra dersom du les litt i forskjellige knivbøker.
Eg lagar sliremalane mine i papp, og brukar aldri ein mal meir enn ein gong. Eg startar med å dra ei linje langs midten av pappbiten. Deretter merker eg av spissen på kniven langs denne linja ca 1,5 cm frå kanten på pappen. Så legg eg
kniven langs linja slik at spissen ligg på merket og merkjer av kvar overgangen mellom skaft og blad er og kvar kanten
på slira skal vere. Plasseringa av slirekanten på skaftet har eg funne før ved å måle omkrinsen. Eg plasserer slirekanten
der skaftet er ca 2-3 mm tynnare enn på det tjukkaste. Går ein høgare opp, vil kniven sannsynlegvis sitje for hardt i slira.
Neste steg vert å merke av ein del strek som står vinkelrett på skaftet. Avstanden mellom streka er vel 1 cm. Då er det
tid for å
Arbeidsteikning til slirelesten Klikk i slira
Sliremalen                                                                                 Skaftet er tjukkast litt nedanfor midten
Teikning: Torbjørn Håvik                                                      Teikning: Knut Dahl

merke opp skaftforma på pappen. Eg tar ei lærremse, ca 0,5 cm brei og omlag like tjukk som slirelæret. Eg legg remsa på den streken som viser slirekanten, legg kniven på plass oppå og finn om- krinsen til skaftet ved å legge remsa rundt, set eit merke med blyant og måler lengda på omkrinsen med linjal. Deretter legg eg til 12 mm og merkjer av halvparten av totallengda på kvar side av midtlinja. Dette tillegget brukar eg fordi eg skjer ut slire- emnet i vått lær, og dette krympar igjen ved tørking. Tillegget kan variere litt for kvart innkjøp, men 12 mm er det som oftast høver best. Eg har no funne breidda av sliremalen i slirekanten. Deretter gjer eg det same på kvar tverrstrek, slik at eg har fått breidda på sliremalen med vel 1 cm avstand nedover skaftet. Når eg kjem til bladet, er tida inne for å rause litt. Først lagar eg ein innsving på malen i overgangen mellom skaft og blad, deretter teiknar eg ein strek som føl bladforma, ca 1,5 cm frå eggen på knivbladet. Innsvingen lagar eg for å unngå "mage" på slira. Til slutt teiknar eg ferdig linja på skaftdelen av malen. Eg skjer ut malen med ein skarp kniv, men berre ei side først. Denne snur eg og brukar til linjal på andre sida. Dermed vert malen tilstrekkeleg symmetrisk for å få ei  pen slire.No er malen ferdig,og kan overførast til som  er bløyta ei tid i førevegen. Det neste blir då å skjere ut emnet.
 

 

Slira hovudside  Saumen Farging og impregnering
Om læret Hempa Send meg eit brev
Sliremalen Kniven som slirelest Tilbake til hovudsida
Skjering av emnet Pauting
Merking Tørking av slira