Slira hovudside

Når kniven er ferdig, er tida komen for å starte på slira. Den skal beskytte kniven og brukaren, og må difor vere solid og samtidig halde kniven på plass. Læret må vere så solid at bladet ikkje skjer seg igjennom og øydelegg slira, eller for den saks skuld skadar brukaren. Det finst fleire aktuelle lærtypar. Bindsålelær og Shafslirelær er gjennomgarva, medan valklær med rårand (også kalla ortopedisk lær) og Østfoldlær har eit lag midt i som  er ugarva, rå hud. Eg har berre brukt valklær med rårand, så difor handlar dette kapittelet om slirer av denne lærtypen.
Som i dei fleste fag er det mange vegar som fører fram til ei løysing. Slik er det med sying av slirer også, men uansett er det best at ein syr i vått lær. Dette er fordi det ellers vil vere for hardt å sy tørt. Råranda er hard som negl, og saumen skal ideelt sett gå midt igjennom. Den same råranda gjer at den ferdige slira vert stiv og held forma, samtidig med at bladet vanskeleg kan trenge igjennom.
Råranda er grunnlaget for ein dekorasjonsteknikk som heiter pauting. Når læret er godt oppbløytt, kan ein bearbeide råranda slik at ho blir formbar. Ein brukar då spesielle pautejern der ein øver sterkt trykk på læret i sideretninga. Etter ei tids arbeid løyser råranda seg litt opp slik at den vert plastisk. Då kan massen flyttast, faktisk fleire cm, og vi kan forme forholdsvis detaljerte figurar eller mønster. Ein av dei som er lengst komne på dette området, er Knut Dahl. Eg anbefaler sida hans for dei som har interesse av å sjå kva som kan lagast med pauting.

Også i samband med slira er det behov for fleire sider på grunn av at ein har bruk for nokså mange arbeidsoperasjonar.
 

Slira hovudside  Saumen  Farging og impregnering
Om læret Kniven som slirelest Send meg eit brev
Sliremalen Hempa Tilbake til hovudsida
Skjering Pauting
Merking Tørking av slira