Tørking av slira skjer i løpet av 1 - 2 døgn alt
etter temperatur. Høg temperatur gjev litt sterkare krymping. Slira
bør henge på ein luftig plass ved normal romtemperatur. Ta
ikkje kniven ut av slira under tørkinga og prøv heller ikkje
å løsne den. Ver tålmodig, så blir resultatet
bra.
Etter 2 døgn er slira så tørr at du kan dra ut
blokkreima med tang og deretter kniven . Då kjem den endelege testen
på om du har vore nøyaktig i tilpassinga.
Feilretting
Er slira litt for rom, kan du med forsiktigheit rette på feilen.
Bløytlegg slira på nytt, men berre frå kanten og ca
1 cm nedover. Bruk hårfønar og tørk læret relativt
hardt. Læret bør ikkje verte varmare enn 50 grader.Sjekk tilpassinga
under vegs.
Om dette ikkje er nok, kan du gå litt meir drastisk til verks.
Då tar du ein tynn og skarp kniv og skjer av litt på kvar side
av
saumlinja ca 0,5 cm frå kanten av slira. Skjer berre litt i gongen.
Deretter bløyter du kanten av slira ca 1 cm ned frå kanten
og tørkar på nytt. Om det framleis ikkje er nok bør
du kanskje vurdere å lage ei ny slire?
| Slira hovudside | Saumen | Farging og impregnering |
| Om læret | Kniven som slirelest | Send meg eit brev |
| Sliremalen | Hempa | Tilbake til hovudsida |
| Skjering | Pauting | |
| Merking | Tørking av slira |