Skjering av slireemnet

Når læret er ferdig bløyta, legg du malen på  og merkjer langs kanten med blyant. Eg brukar å legge narvsida opp, medan andre legg narvsida ned. Deretter skjer eg med ein skarp kniv langs streken og med ein hellingsvinkel på ca 30 grader. Eg legg vekt på lange snitt slik at kanten vert jamn og fin.
Når emnet er ferdig utskore, kan du tynne det ut ned mot enden og runde det i kanten slik teikninga viser. Tynninga er viktig fordi det i spissen av slira er liten omkrins og derved sterk bøying av læret. Det er lettare å få til med tynt lær enn med tjukt. Tynninga kan føregå med lærhøvel eller ein skarp kniv, og det kan gjerast før eller etter bløyting. Rundinga av slirekanten vert gjort for å få til ein fin overgang mellom skaft og slire.

No er tida inne for merking av saumlinja.

Skjering av slireemnet                                                         Tynn ut slireemnet i dei skraverte områda

Skjer skrått, ca 30 grader Tynnare lær mot tuppen
Teikningar: Knut Dahl


 

Slira hovudside  Saumen  Farging og impregnering
Om læret Kniven som slirelest Send meg eit brev
Sliremalen Hempa Tilbake til hovudsida
Skjæring av slireemnet Pauting
Merking Tørking av slira