LITT OM TYSKKURSET
Dette tyskkurset er laga som ei prosjektoppgåve i IT1 våren
1998 i samband med fjernundervisning
frå Høgskulen i Volda. Det
er laga i FrontPage Express med enkelte innslag frå Composer og
sjølvsagt Notisblokk. Dessutan har eg nytta meg av Adobe
Photoshop, Paint Shop Pro, LivePix 1.1 og vesle MS-Paint.
Kurset er tilpassa Internet Explorer 4 og Netscape 3/4.
Eg har strevd og bala, feila og lært. Både tyskelevane mine og
læraren deira har leita på nettet etter liknande opplegg, men
forgjeves. Kanskje kan dette tyskkurset vere med og stette eit
behov.....?
Kurset kjem nok seinare til å bli utvida med fleire øvingsoppgåver. Om desse også vert lagt ut på nettet eller om dei berre vert lagt til på lokale maskiner, er usikkert. Dette er også avhengig av den responsen som måtte kome.
Dersom du har innspel og/eller kommentarar om kurset, sender du meg gjerne ein e-post.