LITT OM FORFATTAREN

Namnet mitt er Torgeir Eidsvik, og opprinneleg kjem eg frå Slyngstad på Sunnmøre. Etter lærarutdanning i Volda tok eg tysk grunnfag
Torgeir Eidsvik
Andre bilete
på Blindern og samfunnsfag i Volda. Eg er 1944-årgang, og i 1967 hamna eg i Svelgen sidan kona var herifrå. Tre kjekke gutar har vi fått, og vi er også besteforeldre til to juniorar.

I yngre år var eg ein aktiv volleyballspelar, men vel så mykje har eg kanskje arbeidd innan administrasjon av korpsrørsla, både lokalt og på fylkesplan. Dette arbeidet har vore interessant og har gitt mykje attende.
Elles likar eg å gå i fjellet, og "skryteturen" var nok i 1996 då familien gjekk Besseggen. Det gav meirsmak!

I Svelgen arbeider eg som undervisningsinspektør, og m.a. underviser eg i tysk. Dette siste var det nok som var avgjerande for at akkurat dette arbeidet om Tyskkurs på nettet kom i stand. Eg har blitt meir og meir interessert i data, og i inneverande skuleår 1997-98 tar eg halvtårseining i IT på "si".