KURSSTART
Velkommen til dette tyskkurset på internett, der du kan gå igjennom dei viktigaste reglane innanfor tysk. Kurset er delt opp i åtte ulike hovudemne, som du kan klikke deg til via hovudmenyen til venstre. Er du ikkje stø på analyse, er det nok fornuftig å starte med øving på dette.
Til alle emna finn du oppgåver. Etter kvar oppgåve finn du
ein
-knapp, som du må trykke
på for å få fram fasiten. Ver merksam på at denne fasiten vil
forsvinne av seg sjølv etter ei stund, som regel etter eit
minutt eller to.
I hovudemna vil du under kvart ark finne ei eller
to piler, som vil ta deg med vidare, anten fram eller tilbake.
Når du kjem til slutten av eit hovudemne, må du klikke på
neste felt i hovudmenyen.
Lykke til!