Det er godt med ein god dessert som avslutning på middagen. Det treng ikkje om å vere verken dyrt, svært eller ta lang tid å lage til. Det er ofte berre eit behov etter noko søtt som treng tilfredsstilling. Dessert er også ein del av vår norske matkultur som vi bør ta vare på. Eg skal no presentere nokre gode tradisjonsrike rettar som det er verdt å ta vare på!
OPPSKRIFTER
FRUKTGRAUT
(4 pers.)
700-800 gr. frisk frukt ( t.d. eple eller rabarbra i store bitar)
5 dl vatn
2 dl sukker
jamning av 3 ms potetmjøl og 1 dl kaldt vatn
Vask, reins og del opp frukta i store bitar. Kok opp vatnet med ca. halvparten av sukkeret. Kok frukta mør i sukkerlaken. Smak o nødvendig til med meir sukker. Dra kjelen til side og tilset jamninga i ein tynn stråle medan du rører godt i botnen. Set kjelen tilbake på plata att og la grauten få eit oppkok. Avkjøl grauten litt før du slår han over i ein serveringsbolle. Strø litt sukker over grauten og avkjøl han.
Server med heilmjølk eller vaniljesaus til.
TILSLØRTE BONDEPIKER
(4 pers.)
2 ms mjuk margarin
3 dl strøkavring
2 ms sukker
1 ts kanel
3 dl eplemos
3 dl kremfløte
Smelt margarin i ei steikjepanne og steik strøkavring blanda med sukker og kanel til det gyllent og kjennest sprøtt. Rør godt heile tida, slik at det ikkje blir brent. Avkjøl. Visp kremfløyta luftig og lett. Legg eplemos, steikt strøkavring og vispa krem lagvis i ein bolle eller i porsjonsskåler.
RISKREM
(4 pers.)
5 dl kald risgraut
1 ts vaniljesukker
2 ms sukker
2 dl kremfløyte
20 mandlar, grovhakka
Rør grauten godt med vaniljesukker og sukker. Visp fløyta lett og luftig og bland den forsiktig inn i grauten saman med halvparten av mandlane. Slå riskremen i ei skål og strø over resten av mandlane.
Server med kald raud saus til.
FROMASJ
(4 pers.)
6 plater gelantin
4 egg
3 ms sukker
2 dl kremfløyte
4 ms kokande vatn
Smakstilsetjing:
1. 1,5 dl appelsinjuice + 2 ms sitronsaft
2. 2 dl syltetøy eller rørte bær
OSTEKAKE A'LA BRIT-SYNNØVE
200 gr. digestive kjeks
100 gr. margarin, smelta
3 dl krem
3 dl seterrømme
100 gr. melis
1 ts sukker
250 gr. ananasost
1 pk ananas-gele
Lag gele etter oppskrifta på pakken, men med berre halvparten av vatnet (2,5 dl). Lat den bli avkjølt, men ikkje stiv. Ha kjeksen i ein plastpose og knus den med eit kjevle. Smelt margarin i ein kjele og bland i kjeksen. Sett ei rund kakeform (24 cm) uten botn på eit kakefat og tøm oppi kjeksbandinga. Trykk det godt utover og sett til avkjøling. Pisk fløyte saman med melis og sukker til stiv krem. Bland saman ost og rømme og bland dette med kremføyta. Ha i avkjølt gele til slutt og slå blandinga oppå kjeksen i forma. Lat kaka bli avkjølt. Ta av kakeforma og server!
Pynt gjerne med kiwi. mandarinbåter, ananas el.l.
SJOKOLADEMOUSSE
(3-4 pers.)
2 egg
1 dl kremflyte
0,5 ts vaniljesukker
0,5 pl. kokesjokolade
2 ms sterk kaffi
Skil egga å ha eggeplommene i ei skål. Visp eggekvitene
stive Visp fløyte og vaniljesukker til krem. Smelt kokesjokoladen
i kaffi over vannbad. Rør eggeplommene inn i den smelta sjokoladen
og bland det inn i kremen. Vend til slutt inn dei stivpiska eggekvitane.
Fordel mousseen i porsjonsglas og lat den stå kaldt i minst 1 time
før servering.
ANSVARLEG FOR SIDA:
Brit-Synnøve Torvik
6095 BØLANDET
E-post: torvik@online.no