HYGIENE


       
    HYGIENE

    God hygiene ved tillaging av mat er hovudregel nr. 1.  Mange har opplevd å verte sjuke av å ete mat der bakteriar har fått utvikle seg.  Desse mikroorganismane er så små at vi må bruke mikroskop for å sjå dei.  Det som har mest å seie for kjøkkenhygienen er bakteriar og sopp.  Dei fleste er heldigvis ufarlege, og det fins også dei som er nyttige som for eksempel  dei som blir brukte i matproduksjon.  Eit døme er mjølkesyrebakteriar som omdannar mjølkesukker til mjølkesyre under produksjon av syrna mjølkeprodukt og rømme.  Fordi mikroorga- nismane kan bryte ned organiske matvarer (feitt, karbohydrat, protein)kan dei og få mat til å surne og råtne og blir dermed årsak til sjukdom.  Det er difor viktig med god hygiene på kjøkkenet.
     

    GODE HYGIENEREGLAR:

    Vi vaskar til vanleg opp kvar dag.  Dersom skiten oppvask blir ståande lenge kan danne seg vond lukt pga. bakterievekst.  Oppvasken skal gå føre seg på ein slik måte at den ikkje blir ei kjelde til overføring av sjukdomar.

     

    • Ta av ringar og armband.  Vask hendene grundig med såpe og lunka vatn før          matlaginga tek til.  Vask også hendene etter toalettbesøk, ved snyting eller hosting.
    • Bruk reint forkle og reine gryteklutar.
    • Skyll grønnsaker, frukt og poteter godt i kaldt vatn og reingjer skyllekummen godt etterpå.  Jord må ikkje kome i kontakt med andre matvarer.  Skyll godt av knivar og skjerebrett mellom kvar ny matvare som blir skoren opp.
    • Grønnsaker og frukt som ikkje skal kokast, må vi aldri skjere på fjøl/brett og med kniv som  har vore brukt til rått kjøtt eller rå fisk, utan at brettet og kniven har vore vaska godt.
    • Oppbevar kjøtt, fisk og matvarer som er merkte med "kjølevare" i kjøleskapet.
    • Sjekk bruksfristen på innepakka matvarer.
    • Fjern matvarer som er synleg angripne av mikroorganismar.  Dei smittar raskt over til andre matvarer.
    • Vask opp på ein hygienisk måte:  Skyll matrestar med lunka vatn, vask i varmt vatn med såpe og skyll i så varmt vatn som råd. Dekkety som det har vor ete på må kokast.
    • Vask klutar og handdukar ofte.  Bruk høg temp.,  90 grader.

    •  
       
    TIPS:  Ein fuktig, samanrulla klut med restar av mjølk og mat er ein god vekseplass for bakteriar.  Skyll difor kluten godt og heng den til tørk!
     

    INDEX
     


    ANSVARLEG FOR SIDA:
    Brit-Synnøve Torvik
    6095  BØLANDET
    E-post: torvik@online.no