MATVANAR OG HELSE
Gjennom dei siste 100 åra har det skjedd store endringar i samfunnet. Desse endringane har og verka inn på kva vi et, kor mykje vi et og korleis vi lagar maten.
Før hadde mange her i landet lite og einsformig mat. Kosthaldet var ofte sparsomt. Folk overlevde på gammalt brød, sirup og skumma mjølk. For ikkje å gløyme silda og potetene, havrevellingen og havregrauten. Julaftan var ofte einaste dagen i året dei fleste fekk ete seg mette. Då vanka det gjerne steik, pølse og kålstuing rundt om i heimane. Dårleg økonomi og levekår var grunnen til dette. Ofte kom dei best ut dei som budde på ein gard. Byfolk kunne ha elendige kår.
Seinare har betre økonomi ført til ein annan
livsstil og andre matvanar. Idag er problemet snudd på hovudet
- vi et for mykje og ofte usunn mat. Likevel har det i den seinare
tid skjedd ei gradvis endring til noko eg vil kalle "kosthaldets dobbeltmoral":
Vi et meir feittfattig mat, slik som light-produkt, og
frukt og grønnsaker. Samtidig mettar vi oss like ofte på
pommes frites, potetchips, brus, snop, etc.
ANSVARLEG FOR SIDA:
Brit-Synnøve Torvik
6095 BØLANDET
E-post: torvik@online.no