UNGDOM OG KOSTHALD
Undersøkelser viser at mange ungdomar har eit bra kosthald. Men ikkje alt er like bra. Ungdom som er fysisk aktive har eit stort behov for energi (kaloriar), og et mykje. Dei får dermed i seg nok vitaminar og mineralar. Trass i at jenter stort sett er meir bevisste på sunn mat enn gutar, støter vi likevel på eit paradoks; jenter trenar mindre, slankar seg oftare, og får difor i seg mindre vitaminar og mineralar.
Mange unge et for lite grovt brød, poteter grønnsaker og frukt. Dermed blir fiberinntaket lågt. Jenter har og eit større behov for jern enn gutar. To av tre ungdomar får i seg for mykje sukker (brus og snop), desse igjen får ofte i seg for lite vitamin og mineral.
Ungdom mellom 12 og 25 år (først og fremst jenter) kan og bli utsette for eteforstyrrelsar. Årsakene er mange og ofte samansette og kompliserte. Hyppige slankekurar i denne alderen er ikkje bra for forbrenninga i kroppen. Ungdom som ynskjer å slanke seg bør kontrollerast av lege.
Gode matvanar
• et meir brød og andre kornprodukt
• et meir poteter, grønnsaker, frukt og bær
• et meir av all slags fisk, både som pålegg
og middag
• bruk magre kjøttvarer
• bruk gjerne meierienes light-produkter
• bruk mjuk vegetabilsk margarin eller olje i maten
• bruk heller kvite eller brune sausar i staden for majones
og remulade
• bruk vatn til drikke - masse vatn!!!
TIPS 1 Prøv å et noko frukt, bær
eller grønt til alle måltid!
TIPS 2 C-vitaminar hjelper kroppen til å
ta opp jern frå kornprodukta!
TIPS 3 Ha faste måltid! Mellom 3 og 5
om dagen er bra!
TIPS 4 Bruk friske og sterke fargar i maten,
det kvikkar apetitten!
TIPS 5 Hyppige måltid dempar trongen etter
noko søtt!
Frukost er viktig for å "få i gang" hjerne og musklar. Å vere svolten går utover humøret, arbeidslysta og konsentrasjonen. Det er ein dårleg start på dagen å ikkje ete frukost.
Matpakke "Det er typisk norsk å vere god". Det er også "typisk norsk" å ha med matpakke, både på skule og på arbeid. Dette gir også nye krefter.
Middag er ofte familiens samlingsstund midt i ein ellers travel kvardag. Norsk middag er som regel varm og består gjerne av poteter og grønnsaker + kjøtt eller fisk. I våre hektiske tider kan det vere tidkrevjande å lage "skikkeleg" middag kvar dag. Det fins mange gode halvfabrikat i handelen som vi godt kan bruke innimellom. Her er mikrobølgeomnen eit velsigna redskap.
Merking av mat
All innepakka mat skal vere grundig merka med namn, nettoinnhald, vekt, ingrediensar, forbruksfrist, oppbevaringsrettleiing, opplysningar om produsent, bruksrettleiing og evt. alkoholinnhald.
Næringsstoff
Alle matvarer inneheld ulike næringsstoff. Varedeklarasjonen på vara syner kva den inneheld. Ofte seier den oss ikkje så mykje før vi ser på det i ein større samanheng.
Ungdom mellom 12 og 25 år (først og fremst
jenter) kan og bli utsette for eteforstyrrelsar. Årsakene er
mange og ofte samansette og kompliserte. Hyppige slankekurar i denne
alderen er ikkje bra for forbrenninga i kroppen. Ungdom som ynskjer
å slanke seg bør kontrollerast av lege.
INDEX
HYGIENE
ANSVARLEG FOR SIDA:
Brit-Synnøve Torvik
6095 BØLANDET
E-post: torvik@online.no