Leikar ute i naturen

Under eigenarta til småskulesteget i den generelle delen i L-97 er leiken si rolle understreka. Her heiter det at "opplæringa må gje plass til undring og at elevane får vere nysgjerrige og utforske gjennom leik". Vidare legg planen vekt på den positive effekten leik har på born: "Gjennom leik utviklar borna språk,omgrep og kommunikativ kompetanse, får øving i kroppsmeistring og motorisk dugleik, praktisering av samarbeid, trening i  å lære og å følge reglar og å prøve ut i  fantasien det ein skal gjere i røynda."

Born er flinke til å aktivisere seg sjølv,og "ved å observere elevane i  leik kan læraren gjere seg kjend med kva dei er opptekne av, og få innsikt i kva dei forstår. Observasjon av leik kan dermed vere grunnlag for vidare arbeid."
Av dette skjønar ein at ein ikkje skal gripe for mykje inn i leiken til elevane, men som lærar heller vere ein tilretteleggar som planlegg forholda rundt leiken. I samband med friluftsliv er det då viktig å ta ungane med ut i naturen. Ein liten tur i fjæra, til eit vatn eller til skogen vil gje ungane gode mulighetar til å utfalde seg i leiken.

I somme tilfeller kan styrte leikar også vere på sin plass:
Ute i det fri kan ulike former for tampen brenner leikar vere fine.Det trener borna i å bruke augene.Legg ut ein gjenstand som deltakarane skal finne og så legg finnaren ut ein ny ting som dei andre skal finne.

Andre finneleikar kan vere å finne ulike typar steinar, plantar eller dyrespor, f.eks ekskrementer frå fugl eller dyr. Finn borna noko er det eit fint høve til å få i gong ei samtale rundt naturen og livet der.

Sanseleikar kor deltakarane med bind for augene skal føle seg fram til kva dei har i hendene, er morosamt både for den aktive og for tilskodarar.

Vinteren byr også på mange mulighetar for leik og moro.Har borna akebrett, skøyter eller ski er det eigentleg berre fantasien og veret som sett grenser for kva type leikar ein kan gjennomføre utandørs.

 
                          
                                      Kva er dette? Leikar i naturen kan vere
                                                   utgangspunkt for mykje god læring.
 

Til toppen av sida.