Læreplanen legg opp til at opplæringa i 6.klasse eller om hausten/vinteren i 7.klasse skal vere slik at elevane "gjennom leirskule eller på andre måtar få røynsle med å vere ute naturen." Ei slik formulering gjer at det er opp til kvar enkelt skule om leirskule blir eit fast innslag på desse klassetrinna eller om "røynslene" må innhentast på andre måtar. Til sjuande og sist blir dette eit spørsmål om økonomi frå skulen si side, for rundt om i landet er det nok av instutisjonar/skular som spesialiserar seg på dette området.
På ein slik leir får elevane positive opplevelsar gjennom eit breidt utval av aktivitetar som baserar sine tilbud på naturen og omgivelsane rundt. Nokre skular er plassert slik at sjøen er eit naturleg utgangspunkt og aktivitetane blir lagt opp deretter. Andre skular har fjellet som nærmaste nabo og her blir tilbodet bestemt av desse omgjevelsane.
Har skulen bestemt seg for å sende ein klasse på leirskule
(i 6. eller 7.klasse) må ein derfor sette seg ned saman med klassa
å sjå gjennom dei mulighetane som stades og velge ut alternativ
ut i frå klassens ynskjer og skulens økonomi. Norsk Leirskoleforening
kan vere behjelpeleg med oversikt og anbefalingar i eit slikt arbeid.
På leirskule får elevane flotte naturopp-
levelsar samtidig som dei kan skaffe seg
nye venner gjennom eit positivt miljø.
På internett er det pr.i dag tre leirskular med eiga heimeside.