Lokale tradisjonar

Læreplanen legg opp til at "elevane skal utvikle kunnskap og dugleik i friluftsliv som bygger på lokale tradisjonar i ulike miljø.Der det er naturleg, blir arbeidsmåtane i stor grad knytt til lokalmiljøet og til lokale tradisjonar." Dette opnar opp for tverrfaglege prosjekt i lokalmiljøet der friluftslivstradisjonar kan få ein sentral plass. Alt etter prosjektets omfang og område vil aktuelle fag i slike prosjekt forutanom friluftsliv (kroppsøving) t.d  vere historie og naturfag.

Formuleringane ovanfor er henta frå Hovudmoment for 8-10.klasse og er såleis stoff som elevane skal arbeide med på ungdomsskuletrinnet.Då er elevane sjølvstendige nok til å gå utanfor skulen for å hente inn opplysningar om korleis menneska på heimplassen dreiv friluftsliv før.Aktuelle kjelder i dette arbeidet er eldre personar i lokalmiljøet (gjerne besteforeldre eller andre slektningar) eller kanskje gamle bilder eller fortellingar som kan vere samla inn.Interessante spørsmål kan vere kva slags aktivitetar dei dreiv, kor skjedde desse aktivitetane og kven deltok. På denne måten får elevane eit innblikk i sider ved det gamle samfunnet som ikkje blir fokusert sterkt på i vanlege historiebøker. Dessutan vil dei få eit utvida perspektiv på samfunnet i gamle dagar og korleis det har forandra seg fram til i dag.
Resultatet av eit slikt arbeid kan t.d vere ei framføring som viser friluftsliv som bygger på lokale tradisjonar.

Arbeidet med lokale tradisjonar kan sjølvsagt leggast opp utan noko form for prosjektsarbeid. Dette er berre ein måte å løyse oppgåver i undervisninga på, men i læreplanen er dette ei prioritert arbeidsform som også kan integrerast i kroppsøvingsfaget. Det er då viktig å halde i hevd eigenarta til faget, nemleg det å vere fysisk aktiv.

 
                                            
                                                Kva gjorde folk på fritida før i tida?
                                                 Elevane kan finne bilde og anna stoff                                                        
                                                om gamle friluftslivstradisjonar heime
                                                 hos besteforeldre og andre eldre.
 
 
 Til toppen av sida