Førstehjelp Generelt

Det er sjølvsagt eit mål at alt friluftsliv i skulen skal foregå uten at nokon blir skada eller utsatt for ulykker eller sjukdom. I praksis er derimot dette umogeleg, og når uhellet først er ute er det naudsynt at ein meistrar grunnleggande livredding og førstehjelp slik at ein kan halde dette i gong til medisinsk personell kjem til. Her skal vi sjå på dei vanlegaste skadane som kan oppstå når vi driv friluftsliv, og korleis vi kan behandle desse slik at skadane som oppstår blir så begrensa som mogleg.

Ved all førstehjelp er det viktig å:

      1.Hindre at nye skader inntreff.
      2.Hindre at skade eller sjukdom blir forverra.
      3.Kunne gripe inn ved bevisstlaushet.
      4.Lindre smerter.
      5.Prioritere.
      6.Gi psysisk støtte.

Førstehjelpsutstyr

Ved all form for friluftsliv, enten det er på fjellet, i skogen eller ved sjøen, er det viktig at vi har førstehjelpsutstyr lett tilgjengelig.

Du kan kjøpe ferdige førstehjelpsett på apoteker eller i sportsforetninger.Desse inneheld det meste av det du treng, utanom personlige medikament.Du kan også lage deg din eigen førstehjelpspakke som bør innehalde:
 
Desinfeksjons-kompress, heftplaster, bandasjetape, sårplaster med klebeflate rundt, spesialplaster for gnagesår, sår-strip (for å halde saman sprikande sår), sårforbinding for brannskader, sårsalve, enkeltmannspakke, munn til munn maske, støtt- bandasje, saks, pinsett, smertestillande tabelettar, salve mot solforbrenning og insektsstikk, leppepomademed solfaktor. 
 
 
I tillegg til dette kjem personlige medikament.

Alvorlege skadar og sjukdomar

Ute i naturen kan du komme opp i situasjoner der kunstig andedrett og hjertekompresjon må settast i gang.Dette kan gjelde ved drukningsulykker, fallulykker,snøskred, ved hjerteattakk og ved kraftig nedkjøling.

Ved medvitslause skal du først sørge for frie luftvegar ved å bøye hovudet sterkt bakover.Dette er ofte tilstrekkleg. Pasienten skal deretter leggast i stabilt sideleie.

Viss ikkje pasienten ikkje pustar etter at du har bøyd hovudet bakover, må du straks byrje med kunstig andedrett.

Er hjertet også stoppa, må du i tillegg til kunstig andedrett forsøke å få hjertet og blodsirkulasjonen i gong igjen ved ytre hjertekompresjon.

Brudd

Det er ofte vanskelg å avgjere om det er brudd eller forstuing ein har for seg. Er ein i tvil, bør skaden behandlast som om det er  brudd.

Lukka brudd.
Ved lukka brudd er det ikkje synlege sår eller skrammer.Ofte kan det vere ein hevelse over skadestaden.Er det lang veg til lege skal du prøve å spjelke bruddet på best mogleg måte med det du har tilgjengeleg.

Opent brudd.
Ved åpent brudd der blodårar og pulsårar er reve av, kan det vere sterke blødningar.Beinpipene kan ofte kjennast.Opne brudd behanlast alltid først som blødning.Deretter spjelkast bruddet på same måte som ved lukka brudd.

Ved store blødningar kan du risikere at pasienten får sirkulasjonssvikt.Symptonene på dette kan vere at vedkommande blir bleik, får klam og kald hud,blir trøtt,har svak og rask puls og andedrettet blir overfladisk.Sirkulasjonssvikt må behandlsat raskt og på følgande måte:
 

  1. Alle blødningar stansast, hovudet leggast lavt og beina høgt for å sikre blodtilførselen til  hjernen.
  2. Pasienten holdast varm og lun. Sjå opp for nedkjøling.
  3. Prøv å lindre smerter.
  4. Trøst og berolig pasienten.
  5. Hurtigst mulig transport til lege eller sjukehus. Under transporten må beina ligge høgt.
  6. Bevisstheten kan variere, derfor er det viktig at du heile tida kontrollerar puls.
Ved begge typar brudd er det nødvendig å transportere pasienten på ein skånsom og mest mogleg behageleg måte.

Brudd i hovudet,nakke eller rygg.
Brudd eller mistanke om brudd i regionen rundt hovudet,nakken eller ryggen er meget alvorlig. Som hovudregel skal du aldri flytte på ein pasienten, men straks tilkalle kyndig hjelp. Du kan fort forverre ein skade ved å bevege på pasienten.

Forstuing

Forstuing eller vrikking av ankel eller kne er kanskje den mest  vanlege skaden i forbindelse med friluftsliv.Er du uheldig kan eit eller fleire leddband bli heilt eller delvis reve av, og det kan oppstå sterke smerter med lokal hevelse og misfarging av huda på grunn av blødingar i leddet. Behandlinga i slike tilfeller skal følge ICE-prinsippet:

Forfrysning

Når vi driv vinterfriluftsliv kan vi ved ekstreme tilfeller oppleve at nokon pådrar seg forfrysningsskadar av ulik art.Grovt sett kan du dele frostskadane inn i to grupper:

1)Lokale frostskader
2)Hypertermi (generell nedkjøling)

Behandling av lokal forfrysning består i å varme frosne kroppsdelar mot varm hud. F.eks kan frosne fingrar leggast i armhola eller på magen til ein annan person.Oppvarmingen skal foregå til huda har fått igjen sin normale farge. Lokale frostskader kan forebyggast ved å ta visse førehandsreglar.

Med hypertermi meinast ei nedkjøling av kroppen til ein temperatur som ligg under 35 grader C.Langt framkomen hypertemi kan føre til bevisstlaushet og hjerte- og lungesvikt.Det er derfor viktig at vi tek symptomane på alvor slik at ein hindrar  drastiske følger.Det første ein må sørge for er at den utsatte personen får på seg tørre og varme klede.Få han/ho til å fortsette å gå slik at ein på denne måten skapar energi.Ved moderat eller djup nedkjøling skal ein vere forsiktig med å varme personen for raskt opp.La dette skje rolig og gradvis til medisinsk personell kjem på staden. Gnagsår

Dette er i utgangspunktet ei lita skade,ja nokon vil vel sei det er ein bagatell, men det er ikkje noko som er så irriterande som eit gnagesår. Det kan til sine tider ødelegge opplevelsen som friluftslivet ellers vil gje oss.

Har du gått til innkjøp av nye sko/støvlar og du veit av erfaring at du er plaga med gnagsår, bør du alltid før ein tur tape eller eller bruke spesialplaster på utsatte stadar (hel og tær).Har allereie gnagsåret oppstått med med svie og blemmer, kan du stikke hol på blemmene og legge på spesialplaster for gnagsår som hindrar at skaden forverrar seg.

I tillegg til desse alvorlege og mest vanlege skadene er det ein rekke andre "skader" vi kan pådra oss når vi er ute i naturen. Snøblindhet,solforbrenning og stikk- og bittskader er døme på slike problem som ikkje vil bli omhandla her.

Om å søke ly

I ein nødsituasjon kan det vere naudsynt å ly for uværet under ein stein, i ei jaktbu eller hytte, i ei snøhole, bivuakk eller lignande.Når du i tillegg har overholdt ein annan fjellvetregel som heiter at du skal melde i frå kor du går, er det betryggande å vite at nokon ventar på deg og varslar nærmaste politikammer eller lensmann.Savnar du personar som er forsvunne i fjellet, skal du derfor ringe alarmtelefonen 112.
 

Til toppen av sida