Korleis finn vi fram ute i naturen?

Når ein er ute i naturen er det viktig at ein kan orientere seg i forhold til vegen ein har planlagt å følge.I første rekke gjeld dette bruk av kart og kompass, men ein kan også ta i bruk andre hjelpemiddel.
 

Naturen sjølv hjelper deg å orientere deg.

Når vi ferdast om dagen, finn vi fleire ting i naturen som fortel noko om himmelretninga:

Om natta må vi bruke andre tegn og hjelpemiddel: Som ein skjønar er ikkje desse metodane nøyaktige, og skal ein gå i nytt og ukjend terreng og kanskje veret er dårleg i tillegg, er det ofte naudsynt med kart og kompass for å finne vegen.
 

Bruk av kart 

Kart er det viktigaste hjelpemiddelet i orienteringa.Eit kart er eit forminska teikning av terrenget sett ovanfrå.Med særskilde teikn og symbol får kartteiknaren fram former og detaljar i terrenget.Kartet er alltid teikna slik at øverste kanten er nord medan den nederste blir sør.Høgre sida blir aust og venstre blir vest.

På kartet finn ein også opplysningar om kartteikn og kva dei tyder, om misvisning og når kartet sist vart synfarne, det vil sei siste gong ein kontrollerte kartet for å få med nye og endra detaljar i terrenget.
 
 
                                    
                          Døme på 1:50 000 serien frå statens kartverk,
                                   der altså 1 cm på kartet er 500 meter i verklege
                                   terrenget.
 
 

Å orientere kartet.
Du bør alltid vite kvar du er. For å greie det er det ein stor fordel å orientere kartet. Det vil sei at du legg kartet slik at når du står og ser ned på det, samsvarar detaljane i terrenget med det du ser på kartet.Du kan orientere kartet ved hjelp av kompasset eller ved å bruke kjende detaljar i terrenget.

Korleis vurderer du avstandar?
Den avstanden som du kjem fram til ved å bruke avstandar på kartet og målestokken, er for kort i høve til den verkelege strekninga, for vi har målt i luftlinje.I praksis må vi legge til frå 5 til 20-25% alt etter kor kupert terrenget er.

Bruk av kompass

Når ein  ikkje klarar "å lese kartet" ut i frå terrenget p.g.a dårleg sikt eller andre grunnar må ein ta kompasset til bruk.Det kreve ei viss trening i å bruke kart og kompass effektivt.
 

 

 Slik går ein fram når ein skal finne retninga ein skal gå:

  1. Avmerk på kartet både kor du er, og det punktet på kartet du planlegg å gå til.Deretter legg du kompassets langside ( kompasslinjalen) langs den marsjretninga som du har avmerkt.
  2. Vri no kompasshuset slik at "N" peikar mot nord på kartet (oppover på kartet). Kontroller at  linjene i botnen av kompasshuset ligg parallelt med nordlinjene på kartet.
  3. Hald kompasset i handa framfor og snu deg rundt til du ser den raude enden på kompassnåla legg seg over  "N" i  kompasshuset. Di marsjretning blir no i den retning som kompasset ( marsjpila) peikar.
 

Krysspeiling.
Det hender du må ta deg nøyaktig inn på kartet  frå kjende detaljar i terrenget, til dømes i fjellet når det tjuknar til.Dette gjer du ved å krysspeile.

Du tek utgangspunkt i to tre kjende punkt i terrenget,detaljar som er lette å finne på kartet, til dømes ein fjelltopp og ei hytte og så gjer du dette:

  1. Hald kompasset vassrett slik at marsjretningspila peikar mot fjelltoppen.Vri kompasshuset slik at nordenden av  magnetnåla slår mot N på kompasshuset.
  2. Legg kompasset ned på kartet slik at enden av marsjretningspila går gjennom fjelltoppen.Vri så kompasset slik at at nord-sør linjene i kompasset blir parallele med nord-sør linjene på kartet.
  3. Dra ein blyantstrek langs kompasslinjalen.Ein plass på denne streken står du.
  4. Gjer den same oprasjonen med utgangspunkt i hytta.Der blyantstrekane kryssar, står du.
  5. Dersom du har tre punkt å orientere deg etter, vil du kunne få ein kontroll. Linjene skal då då skjere kvarandre i eit  punkt.
 
                      Meir detaljert innføring i bruk av kart og kompass ( på engelsk).
 

Til toppen av sida