Naturvett

Fleire stadar i læreplanen blir det understreka at elevane skal tilegne seg kunnskap om og erfaring i korleis dei skal oppføre seg ute i naturen til beste for seg sjølv og naturen. Nedanfor er det tatt med reglar som både tek for seg haldning til naturens ressursar og til sin eigen sikkerhet når ein driv friluftsliv av ulik art. Elevane bør få den teoretiske innsikta gjennom eit praktisk opplegg.

Friluftslova

Den offentlege friluftslova gjer retningslinjer for kva vi har lov til og kva vi ikkje har lov til når vi driv friluftsliv.
Her er det kort nevnt dei mest sentrale reglane.

Dette har du lov til :

-Ferdsel til fots og på sykkel i utmark er fri for einkvar heile året.Loven pålegg at retten utøvast
  hensynsfullt og  med tilhørlig varsomhet.
-Det må ikkje gjerast opp eld i annan manns skog i månedane mai,juni,juli,august og september uten
  eigarens samtykke.
-Telting inntil to døgn - ikke nærmare enn 150 m frå eigarens eller brukarens bebyggelse.
-Plukke ville blomster og sopp som i følge bestemmelsen ikkje er freda.I enkelte fjelltrakter, bl.a i
  delar av Dovrefjell, er fjellfloraen freda.
-Kun etter eigarens eller brukarens tillatelse kan en bruke annan manns kai eller brygge.
-Ferdsel på innsjøar og elvar er fri for alle, såframt den skjer uten skade for den som har rett på
  vatnet.Det er tillatt å fortøye båten i land  for kortare tid.
-Opphold på andre sitt vatnområde: Om sommaren bading eller i båt - om vinteren på isen.Fisking er
  som regel tillatt  mot betaling av fisketrygd og fiskekort.
-Det er tillatt å parkere bil og campingvogn for ei kortare pause på spesielle rasteplassar.Sykling er
  ikkje tillatt gjennom  plantefelt eller over annan sin eigendom.
-Einkvar har rett til å bade i sjøen frå strand, i utmark eller frå båt når det skjer i rimeleg avstand frå
  bebudd hus eller hytte.
-Passere grunn eller innhengning i utmark,forutsatt at ikkje skade oppstår eller at dyr sleppast ut på
  ulovlig beite.
-Friluftsloven inneheld ingen bestemmelse om retten til å plukke nøtter,bær og blomster i utmark.

Dette har ein ikkje lov til:

-Ein må ikkje gå over åker og eng og plantefelt på ein slik måte at det skadast
-Ikkje plukk freda planter.Sjeldne blomster bør heller ikkje rørast.
-Hundar får ikkje lov til å springe fritt i skog og mark.Skogsdyra må ikkje forstyrrast
  unødvendig,særleg ikkje i  parringstida og medan ungane er små.
-All jakt krev eigarens tillatelse.
-Ikkje utan tillatelse opphalde seg på privat eigendom, innmark, nyplanting eller tilsådde som kan ta
  skade av dette.
-All telting over to døgn krev eigarens tillatelse.
-Ein har ikkje lov å bade frå annan manns tomt eller brygge.
-Å plukke fugleegg eller ta frå fuglereir regnast som ulovleg jakt og er forbudt.
-Det er forbudt med åpen eld når fare for skogbrann eller skade på beplantinger eller marka er til
  stades.
-Det er ikkje tillatt å benytte annan mann sin brønn eller vannforsyning.
-Den som grisar til naturen kan anmeldast iflg.friluftsloven.
-Ikkje bryte ned bar, greiner eller lauv frå tre og busker.
 

Fjellvetsreglane
Når du går tur i fjellet skal du vise stor respekt.Det er viktig ar du tenker på din egen og dine turkameratar sin sikkerhet og tek ansvar for å vurdre vær, turforhold, utstyr og fysiske evner slik at du er rede til å møte dei farer som kan oppstå på ein fjelltur.
I denne samanheng er det viktig at du kjenn til dei ni fjellvetsreglane og at du føl desse nøye.

 1.Legg ikkje ut på langtur utan trening.
 2.Meld frå kor du går.
 3.Vis respekt for vær og værmelding.
 4.Lytt til erfarne fjellfolk.
 5.Vær rusta mot uvær sjølv på kortare turar.
 6.Husk kart og kompass.
 7.Gå ikkje åleine.
 8.Vend i tide, det er ingen skam å snu.
 9.Spar på kreften, grav deg ned om nødvendig.

 
 

Sjøvettsreglane
Alle som ferdast i båt, kano eller anna framkomstmiddel på vatn bør vere kjent med sjøvettsreglane.Desse skal hjelpe deg til å ta dei nødvendige førehandsreglar når du held deg på eller ved vatn/sjø.
 
  1.Bruk typegodkjend båt i god stand. Last han ikkje for mykje.
  2.Rett deg etter ver og vervarsel.
  3.Ha redningsvest med varefakta til alle.
  4.Hugs nødvendig utstyr, ausekar, årer, tollepinnar, tau, dregg, lykt,pose til søppel osv.
  5.Ver utkvild og edru når du fører båt.
  6.Sei i frå om kvar du dreg og kor lenge du blir borte.
  7.Sit roleg i småbåtar. Skal nokon byte plass, må berre ein reise seg i gongen. Bruk fotty med
     gummisolar.
  8.Ha høveleg slokkingsutstyr båten. Lær å bruke det.
  9.Bli ved båten dersom den kantrar, og rop om hjelp.
10.Lær sjøtrafikkreglane og følg dei. Vær omsynsfull!
 

Til toppen av sida