UT I NATUREN 
Teksten nedanfor er henta i frå fagplanen kroppsøving i L-97,
og tek for seg målsetting og hovudmoment under overskrifta Ut i Naturen
for mellomtrinnet. Denne planen er læraren forplikta til å
følge når han skal underviser i faget.
Mål for mellomsteget, 5.–7. klasse
Elevane skal få opplevingar i naturen og lære om samspelet
mellom menneske og natur før og no. Dei skal tileigne seg dugleik
i å ta vare på seg sjølve i naturen og utvikle omsorg
for naturmiljøet.
Hovudmoment for 5.–7. klasse
5. klasse
I opplæringa skal elevane
-
få erfaring med dagsturar og opphald i ulike miljø med tanke
på å lære om kva vêr, klede, matlaging og
utstyr har å seie når ein er ute til ulike årstider
-
tileigne seg kunnskap om og få erfaring i kva dei skal gjere dersom
ulykka er ute, til dømes fjellvit,sjøvit, førstehjelp
-
tileigne seg grunnleggjande kunnskap om og erfaring i bruk av kart og kompass
-
der det er mogleg, arbeide med ski- og skeiseteknikk
-
lære å vere merksame på det som er omkring dei når
dei er ute i naturen
-
få høve til å sanse og oppleve naturen ut frå
eige initiativ og bli oppmuntra til å vere i naturen i fritida
6. klasse
I opplæringa skal elevane
-
gjennom turar og opphald i naturen utvikle evna til å oppleve, tolke
og forstå teikna i naturen, bl a vêrteikn, maurtuer og elveløp
-
gjennom opphald i naturen og/eller på andre måtar utvikle kjennskap
til samiske kulturtradisjonar
-
vere med på minst ein overnattingstur, til dømes telt, lavvo,
gapahuk, om hausten/våren og få
-
praktisk erfaring med val av leirplass, bål, og enkel matlaging,
førstehjelp, val av klede og anna
-
turutstyr
-
gjennom leirskole eller på andre måtar få erfaring med
å vere i naturen. I 6. klasse eller om hausten/vinteren i 7.
klasse
7. klasse
I opplæringa skal elevane
-
øve seg i å ta seg fram i nærområdet ved hjelp
av kart og kompass
-
gjennom aktivitetar få opplevingar og bli kjende med lokale tradisjonar
knytte til naturen
-
gjennom opphald i naturen bli kjende med lokale naturbrukstradisjonar som
til dømes jakt, fiske og tømmerfløyting
Til toppen av sida