Fotturar i fjellet er berre ein av mange
typar turar ein kan bruke i skulen.
Ulike former for turar er sentralt i friluftsliv. Planlegging i forhold til turar er avhengig av korleis skulen ligg i forhold til turområdet og timar tilgjengelig. Det er ønskeleg med fleire kortare turar i i nærmiljøet i staden for å "samle opp tid" for å få lengre turar. I barneskulen er dette spesielt viktig slik at ein tidleg kan bygge opp eit positivt forhold til naturen gjennom hyppig bruk av mulighetane som ligg i nærmiljøet.
For friluftslivet i skulen er det mange ulike turar som er aktuelle. Det mest vanlege er forturar av ulike slag. Desse kan foregå i skogen, på fjellet eller ved sjø/innsjø. Dette er turar som ikkje krev spesiellt utstyr og som er enkle å organisere.
Sykkelturen er også vanleg form for tur i skulen.Dei aller fleste har eigen sykkel eller kan låne seg ein slik at ein slik tur kan organiserast utan alt for mykje problem.Det same gjeld skituren som bør vere eit fast innslag i skulen kvart år.
I tillegg til desse "vanlege" turformene kan det også arrangerast andre typar turar.Desse inneheld aktivitetar som krev spesialutstyr av ulik art, men som kan skaffast/lånast gjennom private organisasjonar eller lag. I denne forbindelse nevnar eg spesielt kanotur og klatretur. Som ein skjønar sett slike turar også spesielle krav til sikkerhet.
Planlegging er halve turen er det ein regel som seier, og i dette ligg nøkkelen til ein vellykka tur, enten det er fottur, sykkeltur eller ein padletur.
Utgangspunktet er forutsetningane til elevane og at ein legg opp kravene deretter.Både krav og forutsetninger kan endrast undervegs.Det er derfor ein god regel heller velge ein for lett tur eller ein tur du er i tvil om med tanke på lengde og vanskegrad.
Eit anna viktig moment som ein bør ta omsyn til i planlegginga er trivselsmomentet.Denne kan vere avhengig av ein rekke faktorer, men læraren kan vere sterkt delaktiv i at elevane trivst når dei er ute på tur.
Med dei tre stikkorda krav, forutsetninger og trivsel som utgangspunkt kan planlegginga starte.Elevane er sjølvsagt sterkt medverkande i denne prosessen, og oppgåver og ansvar kan fordelast på grupper slik at dei deltar aktivt med sine eigne idear og innspel.
Kvar skal vi?
Det første vi må ha klarlagt er kvar turen skal gå.Dette er vesentlig for all vidare planlegging.I dette arbeidet er kartet eit viktig hjelpemiddel.Ved hjelp av kartet får vi nyttige opplysningar om lengde på turen og kva slags terreng vi skal ferdast i. Såleis kan vi rekne ut omtrentleg kor lang tid vi vil bruke på turen og dei forskjellige etappane vi planlegg å tilbakelegge.
Dette er eit fint høve til å føre inn kartlære. Elevane er interessert i kor turen skal gå, og ved å "gå" turen på kartet saman med dei vil ein kunne ta opp ulike moment ved å lese kart som vil vere lærerikt.
Kva skal vi ha med?
Dette er avhengig av kva type tur vi skal på, kor lang turen skal vere og kva slags vær det er. Som vi huskar var trivsel ein av nøkkelorda for ein vellykka tur, og for å skape dette er det viktig at vi har med det nødvendige. Det viktigaste er mat,drikke og klær slik at ein verken svelt eller frys. Skal vi overnatte treng vi ekstra utstyr som telt og sovepose og kokeutstyr.
I listene som følg nedanfor er det tatt med det viktigaste ein bør ha med seg på ein overnattingstur i fjellet.Skal vi berre ut på ein dagstur er det sjølvsagt ikkje naudsynt å ta med seg alt dette, men listene er eit greit utgangspunkt for å velge utstyr til ein kvar tur.
Klesdrakt:
| Ullunderbukse og ullundertrøye | Regnjakke og regnbukse | Bukse |
| Vindvottar | Sokkar | Ullsokkar |
| Vindbukse | Lue, skjerf og vottar | Anorakk med hette |
| Gamasjer (dersom det er snø i fjellet) | Skjorte og gensar | Pulsvantar (for finarbeid) |
Viktige prinsipp for korleis ein skal kle seg:
| Kart over området vi skal
ferdast i |
Kartmappe som held kartet tørt |
| Blyant og papir | Høgdemålar |
| Kompass |
Transportutstyr:
-ryggsekk som er god å bere,slitesterk og tett
Leirutstyr:
| Kokeutstyr med brensel | Telt |
| Etebestikk | Stearinlys |
| Mat og drikke (drikke i pulverform) | Lommelykt (hovudlykt er ein fordel) |
| Sovepose og liggeunderlag | Toalettsaker |
Utstyr til tur, sommar som vinter:
| Flaske med drikke, termos eller plastflaske | Reserveproviant |
| Solbriller | Fotoutstyr |
| Solkrem (god solvernfaktor) | Leppepomade |
| Førstehjelpsutstyr | Fyrstikker og/eller lighter |
På overnattingsturar i naturen kan overnattinga skje i hytte, telt,gapahuk,snøhole eller annan form for sjølvbygde konstruksjonar som skjermar for vær og vind. Uannsett overnattingsform er leirplassen viktig. Plassering og utforming av denne er det viktig at ein brukar litt tid på.
Hovudregelen når det gjeld plassering seier at leiren skal plasserast i nærleiken av rennande vatn slik at dette er lett tilgjengelig. Vidare skal ein ta omsyn til kor utsatt plassen er for vind, om underlaget er egna som leirplass, om området er slik at nedbør renn vekk og ikkje samlar seg i leirområdet og om leiren ligg trygt i forhold til ras og skred.
Utforming av ein leirplass kan gjerast på ein rekkje måtar,
og er først og fremst avhengig av terrenget og kva ein skal overnatte
i. Det som derimot er eit poeng er at ein lagar ein skikkelig eldplass
sentralt
i leiren som blir eit slags sentrum og møteplass. Ut i frå
denne kan læraren styre den aktiviteten som skal foregå i forbindelse
med turen.
Aktivitetar på ein slik tur kan varierast mykje ut i frå elevane og læraren sine ynskjer.Fisking er ein populær hobby for mange, og om det finst mulighetar for dette er det naturleg at elevane må få lov til dette.Naturstiar kan vere både kjekke og lærerike for elevane og er i høgste grad aktuelle på ein slik tur. Vidare kan ein slik tur vere eit glimrande høve til å ta opp sentrale element i friluftsliv som førstehjelp, sikkerhet og naturvett.
Som ein skjønar må aktivitetane planleggast på førehand.
Læraren bør ha klart eit opplegg som engasjerar elevane og
hjelper dei til å aktivisere dei i forhold til naturen. På
same tid er kanskje like viktig at ein kan vere fleksibel i forhold til
planen om egenaktiviteten er høg.
Linkar til ulike "tursider":