Litt om oppgåva og faget.



Litt om oppgåva og
faget.

Strikka mus.
Strikka katt
Strikka babysokkar.

Filtdyr.
Løpar.
Pute.
Forkle.
Posepose.
Bomullspose.
Heks.
Mus med klede.
Grå filtmus.
Juletre og julebjølle.
Applikert bilete.
Broderi.

Eg har i oppgåva mi valt å skrive om nokre av dei oppgåvene eg har brukt i tekstilforming på mellomtrinnet. Desse oppgåvene har fungert godt og elevane har likt dei. Håpar dei også kan vere til nytte for andre.
I dette faget må ein heile tida vere på leiting etter nye idear. Ein må og sjå litt på trendar og kva som er in i tida.Elevane følgjer i alle fall med på det, og då lyt vi som lærarar også følgje med. Ein del av desse ideane er likevel nokså uavhengig av motar.Nokre av oppgåvene kan heilt sikkert brukast både på lægre og høgre klassetrinn,alt etter kva tid den enkelte skule vel å starte opp med dei ulike teknikkane.

Nokre av dei oppgåvene eg presenterer her har eg funne i Alt om Håndarbeide eller Familien. Dei oppgåvene eg hugsar opphavskjelda til, har eg notert.
Andre har eg sett ferdig laga hos familie og venner, og så har eg laga mønster ut frå det eg har sett.
Alle oppgåvene er greie å lage, og dei krev ikkje så altfor store ressursar.

Eit av måla for Kunst og handverk må vere at elevane skal like faget, og at dei skal kjenne glede over å kunne lage/skape noko sjølve. Det kan vere ting til eige bruk, til presangar, eller felles oppgåver (gruppearbeid) til utsmykking på skulen eller i andre hus.

Som alle veit er nokre raske, medan andre brukar lang tid på same oppgåvene. Det er difor nyttig å ha fleire oppgåver å velje mellom.Oppgåvene må vere inspirerande, slik at elevane får lyst til å jobbe. Oppgåvene bør ikkje vere for tidkrevjande, for då blir dei leie.Oppgåvene kan heller ikkje vere for ressurskrevjande, for dei aller fleste skulane strir med eit uhyre knapt budsjett. I denne samanheng vil eg tipse om eit firma vår skule er svært godt nøgde med, både når det gjeld service og pris. Namn og adresse er: SGS Tekstil og Hobby,
Boks 733, 1616 Fredrikstad.

Eit viktig mål i Kunst og handverk er å formidle kultur. Både strikking,hekling, brodering og sying er viktige deler av handverkskulturen vår.

Brodering har til alle tider vore mykje brukt. For å lære å bruke nål og tråd er det greitt å starte med. Enkle broderi kan elevane starte med på småskulesteget, men på mellomtrinnet bør dei lære ein del typar sting.

Når det gjeld strikking har eg valt å ta med 3 idear der du berre treng rettstrikking. Dei første forsøka med strikking blir oftast små lappar. Det er viktig at desse første prøvelappane vert til konkrete oppgåver. Når elevane er stø på rettstrikkinga er det lettare å lære dei andre former for strikking. Her kan ein finne oppgåver i mange ulike blad og strikkeoppskriftsbøker.

For at elevane skal kunne reparere klede og sy enkle plagg, må dei først kunne å bruke symaskina. For å kunne det, må dei ha erfaring, og det får dei berre ved å sy og lage ulike ting. Dei treng og å lære å leggje mønster på stoff og klippe i stoff.
Nokre av oppgåvene her kan og seiast å vere skulpturar, noko den nye læreplanen legg vekt på i Kunst og handverk.

På vår skule deler vi nokre av Kunst og handverkstimane mellom tekstilforming og andre praktisk estetiske fag. Dette gjer at nokre klassar er delte i 3, medan andre klassar er delte i 2. Vi får på den måten mindre grupper å jobbe med.5.klasse er delt i 3, og har 2 timar tekstilforming i 1/3 av skuleåret. 6.klasse har 3 timar i 1/3 av året og 7. klasse har 3 timar i 1/4 av skuleåret.

Til slutt tek eg med det Læreplanen seier om tekstilforming på mellomtrinnet i Kunst og Handverksfaget.

Vi finn på side 198 i Læreplanen at elevane i 5. klasse skal lære å sy på symaskin i eige skapande arbeid.Dei skal og mellom anna vidareutvikle materialkunnskapen og ferdigheitene med enkle teknikkar og konstruksjonsmåtar og erfare samanheng mellom form og funksjon gjennom eige arbeid.

I 6. klasse skal dei arbeide med og vurdere eigenskapar og kvalitetar ved ulike tekstilmaterialar, t.d. blank/matt,glatt/ru og gjennomskinleg/tett.

I 7. klasse skal elevane

-lære å vurdere ulike fargesamansetningar og -kvalitetar med utgangspunkt i ulike typar tekstile materialar og kunne benytte dette i tekstile bilde, t.d applikasjon.

- erfare korleis nye former og mønster kan oppstå på bakgrunn av lokale og nasjonale tradisjonar, t. d. selburosa/åttebladrosa-Ellinor Flor, og bli meir bevisst på eigne estetiske val Vidare står det at dei skal arbeide med konstruksjonsmåtar som både er enkle, synlege og dekorative, t.d.sting og strikking, og øve seg i å føreta eigne vurderingar og val av estetiske verkemidlar og materialar i arbeid med enkle bruksformer.

- lære om primærsnitt og saumtekniske begrep i arbeid med form, dekor og enkle klesplagg/kostyme, samtale om mote, pris og kvalitet og sjå dette i eit forbrukarperspektiv.

-berekne materialar, utnytte gjenbruk og føreta enkle reparasjonar for å utvikle haldningar til økonomi og miljømessige faktorar.

Til slutt tek eg med det som er felles mål for faget.På side 194 står det at opplæringa i faget har som mål

-at elevane utviklar identitet og forståing for kulturarven gjennom innsikt i eigen og andre sin kunst og formkultur.

-at elevane utviklar ferdigheit, skaparglede, observasjonsevne og estetisk sans gjennom praktisk skapande arbeid.

-at elevane utviklar evne til visuell kommunikasjon gjennom praktisk arbeid med ideutvikling, problemløysing og symbolbehandling.

-at elevane gjennom praktisk arbeid og refleksjon blir oppmerksom på korleis økologi, miljøvern og det estetiske miljøet vårt er


Tilbake til start.   Tilbake.

Fram.