Startsida

Akkordoversikt

Generell teori

Treklangar

Firklangar

Lenkjer

Om sida

 

Pedagogisk refleksjon

 

Sida visast best med ei oppløysing på 800x600 i nyare versjonar av Explorer

 

Sist oppdatert:

29.01.2003

 

E-post:

geggen79@hotmail.com

eikreg@student.hivolda.no

 

 

Eg har og laga ein versjon av Lisa gjekk til skulen basert på firklangar

Firklangar er akkordar som har fire tonar. Dei tonane som kjem i tillegg til treklangen er som tidlegare sagt, stort sett berre "fargar." (I nokre tilfeller har dei også ein funksjon, men teorien bak dette blir ikkje omtala her). Derfor gjer firklangar sitt til at spelet ditt blir meir spanande og variert. Etterkvart som du beherskar firklangar og, er det naturleg å snuse på dei enda meir avanserte fleirklangane, men dette blir på "eigen risiko" (i alle fall i høve til denne sida =)  )

Eg skisserer nokre firklangar her og nokre fleire finn du i akkordoversikta. Møter du andre akkordar i ei songbok håper eg du skal klare å byggje dei sjølv med det du har lært på denne nettstaden!

 
Namn Blir notert Bilete og lyd "Formel"
C7 C7 4+3+3
Cm6 Cm6, C-6 3+4+2
Cmaj7 Cmaj7, C∆ 4+3+4
Cdim Cdim, C° 3+3+3
C7b5 7b5, C7-5 4+2+4

Tala betyr altså kva trinn som skal leggjast til treklangen eller korleis du skal forandre tonar i sjølve treklangen. Det er verdt å leggje merke til at 7 tyder at det er den vesle septimen som skal leggjast til, medan maj7 står for den store. Elles er det store intervall som skal leggjast til, visst ikkje anna er spesifisert. 

Akkorden C7b5 tyder såleis at den vesle septimen skal vere med, medan kvinten skal senkast ein halvtone.

Her kjem så det mest avanserte dømet på denne nettstaden: Lisa gjekk til skulen med firklangar!

Til toppen