Startsida

Akkordoversikt

Generell teori

Treklangar

Firklangar

Lenkjer

Om sida

 

Pedagogisk refleksjon

 

Sida visast best med ei oppløysing på 800x600 i nyare versjonar av Explorer

 

Sist oppdatert:

30.01.2003

 

E-post:

geggen79@hotmail.com

eikreg@student.hivolda.no

 

 

Kva er dette?

Denne sida er meint som eit oppslagsverk over ulike akkordar, frå dei heilt "vanlege" som dur og moll, til meir avanserte som til dømes forminska noneakkordar. Eg håper at dette vil vere til hjelp visst du held på med ein song og møter ein akkord som set deg fast. 

Eg vil påpeike at eg her tar med noko som eg kallar fleirklangar, det vil seie akkordar som har fleire enn fire tonar. Dette er avanserte akkordar som eg ikkje "underviser" i, men det kan vere kjekt å prøve seg på dei uansett. Samtidig vil eg påpeike at eg ikkje har tatt med "alle" akkordane som finnast. Men eg trur du sjølv vil klare å byggje akkordar som ikkje står her, med bakgrunn i teorien du lærer.

Korleis skal eg forstå dette?

Alle akkordane står notert med C som grunntone, men etter å ha lest sida om generell teori og dei ulike sidene om treklangar og firklangar håper eg du skal klare å byggje dei same akkordane på andre grunntonar sjølv. Eg har også lagt inn lydklipp på bileta slik at du kan høyre akkordane i tillegg til å sjå dei visuelt (ved å trykke på bilete av akkorden). 

PS! Visst du blir spurt om å opne eller lagre fila, vel du opne. 

 

Treklangar

C(dur), 4+3

Cm(oll), 3+4

Cb5, 3+3

C#5, 4+4

Csus4, 5+2

Csus2, 2+5

Firklangar

C7, 4+3+3

Cm7, 3+4+3

Cmaj7, 4+3+4

Cmmaj7, 3+4+4

C6, 4+3+2

Cm6, 3+4+2

Cadd9, 4+3+7*

Cmadd9, 2+1+4*

Cdim, 3+3+3

C7sus4, 5+2+3

C7#5, 4+4+2

C7b5, 4+2+4

* Add9 tyder at du skal legge nonen til treklangen. Sidan det ofte kan vere vanskeleg å rekkje denne tonen med små hender er det like bra og flytte tonen ned slik eg har gjort på mollakkorden: det blir jo same tonen, ein oktav under. Det er i nesten alle tilfelle like godt å leggje ned nonen for å forenkle akkorden.

Fleirklangar

 

Treklangar Firklangar Fleirklangar
C9, 4+3+3+4

Cmaj9, 4+3+4+3

C7#9, 4+3+3+3+5

C7b9, 4+3+3+3

C11, 4+3+3+4+3

C6/9, 4+3+2+5

C13, 4+3+3+4+3+4

C13#11, 4+3+3+4+4+3

Til toppen