|
Eg har delt
teoridelen inn i fleire undersider, som kvar inneheld eit emne.
Dette gjer eg fordi eg trur det vil bli enklare for den enkelte å
finne det ein leitar etter.
Noko som
ofte forvirrar folk som vil lære seg å spele etter besifring, er
teikna som blir brukt. Dei fleste skjønar at C tyder C-dur, og at
Cm tyder C-moll, men kva med alle tala og teikna som kjem etter
desse bokstavane? Det som gjer det ekstra vanskeleg er at
forskjellege teikn kan brukast om akkurat det same. Til dømes tyder
ein pluss (+) i besifringa det same som eit kryss (#).
Eg har på
denne sida satt opp ein tabell som skal prøve å lage orden i
teiknkaoset. (Kva dei ulike tala
tyder tar eg opp på sida om
firklangar)
| Teikn |
Tyding |
Døme |
Teikn som tydar det same |
|
# |
Står det aleine, eller saman med eit 5-tal,
skal kvinten hevast ein halvtone
Står det derimot føre eit anna tal, t.d. 9, betyr det at
det er det niande trinnet (none) som skal hevast ein halvtone
|
C#5,C#
C7#9 |
+, aug |
|
b |
Akkurat som # berre at no skal trinna senkast
ein halvtone |
Cb5, Cb
C7b9 |
- |
|
- |
I ein del jazznotar blir minus brukt som teikn
for moll |
C- |
m |
|
∆
|
Tyder at septimen, eller det sjuande trinnet
skal vere stort |
C∆
|
maj |
|
°
|
Tyder at akkorden skal vere ein dim akkord |
C° |
dim |
Til
toppen |