Startsida

Akkordoversikt

Generell teori

Treklangar

Firklangar

Lenkjer

Om sida

 

Pedagogisk refleksjon

 

Sida visast best med ei oppløysing på 800x600 i nyare versjonar av Explorer

 

Sist oppdatert:

29.01.2003

 

E-post:

geggen79@hotmail.com

eikreg@student.hivolda.no

 

 

 

Korleis lagar eg akkordar?

Intervall

Kva tyder besifringsteikna? Kva er omvending? Praktisk bruk av besifring!

Eg har delt teoridelen inn i fleire undersider, som kvar inneheld eit emne. Dette gjer eg fordi eg trur det vil bli enklare for den enkelte å finne det ein leitar etter. Denne første sida omhandlar korleis ein lagar akkordar.

Dei første akkordane ein lærer er enkle og kan gjerne puggast utan nokon form for "bakgrunns-informasjon" om korleis dei er bygd opp. Det vil då etterkvart som akkordane blir meir avanserte melde det seg eit behov for å kunne "byggje" akkordar sjølv. 

Eg trur derimot at det kan vere lurt å byrje å byggje akkordar heilt i frå starten, og derfor presenterer eg dette temaet først i denne teoridelen:

 

Den enklaste måten å nærme seg dette temaet på er halvtonetrinn. Eit halvtonetrinn er avstanden mellom ein tone og den nærmaste tonen, oppover eller nedover, på klaviaturet

Har vi til dømes ein C, så blir H halvtonen under og Ciss halvtonen over:

For tonen D blir det Ciss (Dess) og Diss (Ess) som blir halvtonetrinna

Når vi så skal byrje å byggje akkordar, brukar vi halvtonetrinn for å beskrive avstanden mellom dei ulike tonane:

Her har vi ein C-dur akkord, og avstanden mellom dei ulike trinna blir:

  • frå C til neste tone E - 4 halvtonetrinn,

  • frå E til G - 3 halvtonetrinn.

Dette er altså ein C-dur akkord, men det geniale er at visst du no skal konstruere til dømes ein F-dur akkord så brukar du same prinsippet.

Med utgangspunkt i F blir det altså:

  • 4 halvtonetrinn opp frå F blir A

  • 3 halvtonetrinn vidare frå A blir C

På denne måten blir akkordbygging matematikk. Det einaste du treng er ein grunntone å så byggjer du resten av akkorden opp ved hjelp av ein formel. 

For dur blir formelen Grunntone + 4 + 3 eller berre 4+3

For moll blir formelen Grunntone + 3 + 4 eller berre 3+4

På bakgrunn av dette kjem akkordane heretter berre stå notert med C som grunntone, men ved hjelp av "matematikken" skal du kunne byggje kva akkord du vil på kva for ein grunntone som helst.

Til toppen