|
Hei og velkommen til ei lita innføring
i det som eg (vil du lese meir om
kven eg er, sjå om sida) har kalla
bruksklaver*. På denne nettstaden vil du
finne enkle tips og triks som eg håpar skal hjelpe deg på vegen
til å bli ein "brukspianist," dvs. at du skal kunne spele
piano kun etter besifring. Brukar du staden som eit lite kurs skal du
også kunne spele dei små praktiske døma som du finn under
treklangar og firklangar.
Eg vil
understreke at det er vanskeleg å bruke denne sida som den einaste
"læraren." Det er alltid lettare å ha ein person som kan
vise, forklare og ikkje minst gje ros. Likevel håper eg at denne
nettstaden i alle fall kan brukast som ein ressurs mellom møta med
denne personen, og at den i beste fall kan vere den einaste
læraren for nokon.
Litt
om navigasjon:
Kva inneheld nettstaden?
-
Sida generell
teori tar naturlegvis for seg ein del teoretiske aspekt.
Dette er plassen å gå for deg som lurer på kva besifring
eigentleg er, kva dei ulike symbola står for, korleis du byggjer opp
akkordar og til slutt korleis du gjer teori om til praksis
-
Dei ulike sidene om treklangar
og firklangar tar for seg desse uttrykka
litt meir spesifikt og du finn og nokre praktiske døme her
-
Akkordoversikta er plassen å gå
for deg som lurer på korleis til dømes ein C7sus4 ser og
høyrest ut. Du vil finne stort sett alle akkordar
her
Kven er nettstaden for?
-
Du som aldri har spelt piano,
men som kan litt grunnlegende om musikkteori
-
Du som spelar klassisk piano,
men som aldri har spelt etter besifring
-
Du som har spelt litt piano
etter besifring, men som vil lære litt meir
Du som er
dyktig til å spele etter
besifring, vil altså ikkje få mykje utbytte av denne sida. Er du
usikker på kor "god" du er, sjekk ut den mest avanserte
versjonen av Lisa!
Kva bør eg kunne frå før?
Du bør kunne orientere deg på eit
piano, og du bør kunne litt om skalaer. Samtidig er det også ein fordel å kunne
lese notar, men dette er ingen føresetnad.
Korleis brukar
du nettstaden?
Er du heilt blank bør begynne
med generell teori, for så å gå
vidare med treklangar og firklangar. Visst du synast noko blir for lett så er
det fullt lovleg å hoppe over eit trinn :)
*
Det er ei sanning med
modifikasjonar. Bruksklaver er eit fag blant anna på musikk
1.årseining ved Høgskulen i Volda.
Til
toppen
|