Startsida

Akkordoversikt

Generell teori

Treklangar

Firklangar

Lenkjer

Om sida

 

Pedagogisk refleksjon

 

Sida visast best med ei oppløysing på 800x600 i nyare versjonar av Explorer

 

Sist oppdatert:

29.01.2003

 

E-post:

geggen79@hotmail.com

eikreg@student.hivolda.no

 

 

Korleis lagar eg akkordar?

Intervall 

Kva tyder besifringsteikna? Kva er omvending? Praktisk bruk av besifring!

Eg har delt teoridelen inn i fleire undersider, som kvar inneheld eit emne. Dette gjer eg fordi eg trur det vil bli enklare for den enkelte å finne det ein leitar etter.

Intervall er ein annan måte å sjå samanhengen mellom dei ulike tonane i ein akkord. Utrykket tyder "avstand mellom", og i vår samanheng er det altså avstanden mellom tonar i ein akkord. 

Grunnen til at eg tar med dette i staden for å basere all akkordbygging på halvtonar, er at det i meir komplekse akkordar (firklangar og fleirklangar) er det enklare å snakke om at nonen skal vere liten eller stor enn om det skal vere 14 eller 13 halvtonar frå grunntonen. På dei "enklaste" akkordane som dur og moll vil eg derimot seie at det er betre for nybyrjarar å telje halvtonar. 

Læra om intervall byggjer grunnleggjande på ein durskala. I denne tabellen ser du kva dei ulike intervall-namna heiter med utgangspunkt i C:

Avtand mellom..

..og..

..ser slik ut..

..og heiter:

C

(den same) C

rein prim

C

D

stor sekund

C

E

stor ters

C

F

rein kvart

C

G

rein kvint

C

A

stor sekst

C

H

stor septim

C

neste C

rein oktav

C

neste D

stor none

Det finnast også namn for intervall som er større enn none, men det har vi ikkje bruk for å lære!

Vi ser at nokon av intervalla har rein føre seg, medan andre har stor. Dette er på grunn av at dei intervalla som har ein halvtone "under" seg, også har moglegheit til å vere små (bortsett frå kvinten som er unntaket frå regelen):

Avstand mellom..

..og..

..ser slik ut..

..og heiter:

C

C# (eller Db)

liten sekund

C

D# (eller Eb)

liten ters

C

F# (eller Gb)

tritonus

C

G# (eller Ab)

liten sekst

C

A# (eller Bb)

liten septim

C

neste C# (eller Db)

liten none

Brukar vi intervall som forklaring på ein dur akkord blir det altså Grunntone + stor ters + liten ters. På moll blir det Grunntone + liten ters + stor ters

 

Til toppen