|
Tilbake
til Treklangar
Lisa gjekk
til skulen er ein melodi som alle kjenner og er derfor eit perfekt
utgangspunkt for ei karriere innan bruksklaver.
| C |
F |
C |
| Lisa
gjekk til skulen, |
tripp,
tripp, tripp det sa |
| G |
C |
G |
C |
|
| I den
nye kjolen |
trippa
ho så glad |
Du kan prøve
deg fram med akkordar i ulike omvendingar, men cluet er å bruke
omvendingar som gjer vegen mellom dei ulike akkordane minst mogleg. Eg
vil her foreslå ein måte å ta dei ulike akkordane på:
Her ser vi at
det er minst mogleg rørsle i høgre handa. Det er alltid ein tone som
er felles frå ein akkord til den neste: frå C-dur til F-dur er det
tonen C, og frå C-dur til G-dur er det tonen G. Slike samanhenger er
det ofte lurt å leite etter når ein skal spele ein song; det vil
lette spelet mykje i det lange løp. Venstrehanda spelar grunntonen
heile tida så her blir det litt meir rørsle. Men med litt øving vil
dette gå automatisk og du kan konsentrere deg om å få til akkordane
i høgre handa.
Eg har spelt
inn eit akkompagnement, slik du kan høyre korleis det kan låte. I
tillegg har eg laga eit akkompagnement med ompa-komp.
Beherskar du
dette er det på tide å ta eit steg vidare, til firklangar!
Til
toppen
|