Startsida

Akkordoversikt

Generell teori

Treklangar

Firklangar

Lenkjer

Om sida

 

Pedagogisk refleksjon

 

Sida visast best med ei oppløysing på 800x600 i nyare versjonar av Explorer

 

Sist oppdatert:

29.01.2003

 

E-post:

geggen79@hotmail.com

eikreg@student.hivolda.no

 

 

Den som har har laga denne nettstaden (altså meg) heiter Geir Harald Eikrem, er 23 år og ser omtrent slik ut:

Nettstaden er ei oppgåve i studiet mitt IKT-årseining ved Høgskulen i Volda 2002/2003. Oppgåva går ut på å lage ein pedagogisk retta nettstad, noko som eg håper dette har blitt. Eg veit (og har delvis) erfart at det ikkje er berre enkelt å prøve å lære seg å spele piano ved å sjå på ein dataskjerm, men eg håper at sida i alle fall kan brukast som ein ressursstad. (Fleire pedagogiske refleksjonar)

Min bakgrunn med bruksklaver er 15 år som sjølvlært, i tillegg til to år med "generelle" musikkstudiar ved Høgskulen i Volda. Eg er i også i ferd med å gjennomføre mitt andre år som deltidslærar i faget Bruksklaver ved den same høgskulen. I tillegg har eg eit brennande ønskje om å vise verda kor "enkelt" det kan vere å lære seg å spele litt piano :-)

Programvare eg har brukt (og andre tekniske "spesifikasjoner")

  • Eg har brukt Microsoft FrontPage 2000 som html-editor. Dette fordi eg hadde ein del erfaring med denne frå før og at eg dermed visste den ville tilfredsstille mine "behov"

  • Sidene er laga med tabellar og ikkje rammer i frykt for at rammer ville ha øydelagt navigasjonen på dei ulike sidene. Dette har nok begrensa moglegheitene mine reint praktisk, men eg er likevel fornøgd med resultatet

  • Tangentbordet eller klaviaturet er henta frå "Music Graphics Galore" og vidareforedla i Adobe Photoshop 7.0. Eg laga også den vesle prikken (som er brukt for å markere dei ulike tonane) i det same programmet

  • Logoen øvst er og laga i Photoshop, flygelet er henta frå "Music Graphics Galore"

Opphavsrett

Som sagt så er flygelet i logoen og klaviaturet henta frå "Music Graphics Galore" og dette er ei fri ClipArt-side. Biletet av meg er tatt i undervisningsamanheng, og er heller ikkje åndsverksbeskytta :-) 

Geir Harald Eikrem, HVO - januar 2003

Til toppen