Startsida

Akkordoversikt

Generell teori

Treklangar

Firklangar

Lenkjer

Om sida

 

Pedagogisk refleksjon

 

Sida visast best med ei oppløysing på 800x600 i nyare versjonar av Explorer

 

Sist oppdatert:

29.01.2003

 

E-post:

geggen79@hotmail.com

eikreg@student.hivolda.no

 

 

 

Korleis lagar eg akkordar?

Intervall Kva tyder besifringsteikna? Kva er omvending? Praktisk bruk av besifring!

Eg har delt teoridelen inn i fleire undersider, som kvar inneheld eit emne. Dette gjer eg fordi eg trur det vil bli enklare for den enkelte å finne det ein leitar etter. 

Omvending er i grunnen ein teoretisk term men som også er veldig nyttig å lære når ein praktisk skal spele bruksklaver. Når ein har lært seg å bruke omvending i spelet sitt, blir det faktisk lettare å spele!

Det vi har lært til no er akkordar i grunnstilling, dvs. akkordar som har grunntonen nedst. I ein C-dur akkord vil det altså seie at tonen C er nedst. Visst vi derimot vender om (omvending) denne akkorden slik at vi flyttar tonen C øvst, får vi framleis ein C-dur akkord, men no i 1.omvending!

Frå grunnstilling.......

...til 1.omvending

På same måte blir ein akkord som har C i midten ein akkord i 2.omvending

2.omvending

Alle desse tre akkordane er like "gode" som C-dur! Forskjellen i klang er sjølvsagt merkbar, men alle tre vil høyrast ut som ein C-dur. 

Dette betyr at du kan flytte på tonane i høve til kvarandre i kvar for ein akkord som helst, berre du har med dei ulike tonane. Av og til kan du og utelate tonar; dette finn du meir om i praktisk bruk av besifring

Til toppen