|
Det er ikkje
lett å lære seg å spele piano ved å sjå på ein dataskjerm. Den
personlege kontakta mellom lærar og elev skal aldri undervurderast
noko som eg også har gitt uttrykk for på startsida. Likevel meiner
eg at nettstaden kan forsvarast på eit reint pedagogisk nivå, utan
noko form for lærarkontakt, på grunn av dei rammene eg har satt:
-
For det
første er dette meint som ei første innføring i bruksklaver, og
på bakgrunn av dette er det ikkje meint som ei fullstendig
innføring. Det har eg også tatt høgde for på startsida
-
Store
delar av teoridelen skal kunne brukast til individuell læring,
utan nokon form for "ytre" påverknad
-
Til slutt
håper eg at nokon skal kunne bruke dette som eit uavhengig kurs
som fører fram til at dei til slutt kan spele "Lisa gjekk
til skulen" i dei versjonane som eg har skissert
Nettstaden sett i eit lærar/elev
scenario:
Det er dette
eg likevel har hatt i bakhovudet når eg har laga denne staden: at den
skal fungere som ein ressurs for både lærar og elev i eit
pianoundervisningskurs. Eg håper at
-
lærarar
som aldri har spelt besifring skal lære litt her
-
lærarar
som er usikre i besifring skal finne svar her
-
lærarar
kan lede elevar som er interessert hit
-
elever
skal finne svar på sine spørsmål her
-
elever
skal finne dette interessant og tvinge læraren sin til å også
fokusere på besifring i si undervisning*
Som ein ser
vil nok ikkje denne staden kunne bli brukt i ein grunnskulesamanheng,
i alle fall ikkje for alle. For det første på grunn av dei
føresetnadane eg har satt for staden, og for det andre vil det vere
vanskeleg å bruke dette som eit klasseromsopplegg. På den andre sida
kan det trekkast inn i ein differensiert læringssamanheng, i alle fall kan staden
visast fram som ein ressurs for dei som vil lære litt meir piano. På denne måten
håper eg staden tilfredsstillar krava til ein "pedagogisk
nettstad".
*Besifring har vore eit nedprioritert emne i tradisjonell
pianoundervisning, og sjølv om dette har betra seg kan ein framleis
finne lærarar som ikkje vil/kan undervise i besifring
Til
toppen
|