|
Med desse
akkordane kan du faktisk spele dei aller fleste songane du finn i ei
songbok. Ser du til dømes ein
akkord som heiter t.d. C7+9 på kan du i dei fleste tilfella spele
berre C-dur, og det let nesten like bra. Sjølvsagt vil det låte
stiligare med C7, og endå stilegare med C7+9, men på eit tidleg
stadium funkar det altså bra med berre C-dur.
(sjå elles teori
om utelating av tonar)
Eg meiner at ein må byrje å spele
så tidleg så mogleg, uansett om ein kan berre dur og moll. Dei
fleste tala og teikna er stort sett berre med på å setje farge på
akkorden; gjere den meir spanande, og du kan legge på desse etterkvart som
du blir flinkare. Det er også betre å konsentrere
seg om å få til dur og moll i forskjellege omvendingar. På den
måten kan du også lettare legge til "fargar" i dei
forskjellege omvendingane når den tid kjem. No
er det på tide at du får satt teorien ut i live: Lisa
gjekk til skulen. Til
toppen |