Volleyball
i skulen/L 97 
Volleyball er ein av verdas største idrettar. I Noreg er volleyball på langt nær ein så stor sport som den er lenger nede i Europa. I Italia har dei til dømes ein proffliga i volleyball! Dessutan vert volleyball brukt mykje som college-idrett rundt om i verda, mest kjend er nok USA.
I den norske skulen har vi berre eit par-tre timar kvar veke til faget kroppsøving. Likevel er det mykje vi skal vere innom iflg. læreplanen. Nederst på sida er det henta nokre utklipp frå denne med tanke på volleyball og kroppsøving. Det er ikkje nemnt at volleyball skal lærast, men det står t.d. at i 8.klasse skal elevane "få kunnskap om- og utvikle prakisk røynsle" i minst to lagidrettar, så kvifor ikkje volleyball?
Eg vil hevde at volleyball trener mykje meir enn sjølve spelet: styrke, spenst, time'ing, kroppskontroll, for å nemne noko, slik at den kan forsvarast på fleire punkt i planen.
På denne sida har eg prøvd å gje ein kort innføring i volleyball på skulenivå, med den bakgrunnkunnskap som ein lærar bør ha. Eg vil ynskje alle lukke til med volleyball i kroppsøvingstimane!
Kroppsøving - Felles mål for faget
Opplæringa i faget har som mål:
Idrett
Elevane skal utvikle etisk medvit, kunnskap om og dugleik i eit breitt utval
lagidrettar og individuelle idrettar. Dei skal få kjennskap ttar, tekniske og taktiske
moment i ulike idrettar. Elevane skal bli kjende med lokale, nasjonale og internasjonale
idrettstradisjonar.
8.klasse - Idrett
I opplæringa skal elevane
(Teksten ovanfor i kursiv er henta frå L97)