Til alle kroppsøvingslærarar

Her vil det verte samla diverse idear/undervisningsopplegg som kan vere til nytte for alle som er innom denne sida. Dersom de har gode opplegg som de meiner er verdt å formidle til andre, send dei inn til meg så vert dei lagt ut på sida så fort det let seg gjere.

                            -Innsending av undervisningsidear-

 

Innhald:

 

Balltilvenning

Ballongvolley

Dei fleste elevane veit grunntanken i volleyball; å få ballen over nettet utan at den er i golvet. Problemet i starten er at teknikken ikkje er god nok til at ein får til ein tilnærma spelesituasjon. Spelesituasjonen er ein god måte å motivere og engasjere elevane. For å få dette til, kan ein bytte ut volleyballen med ein ballong. Ha minimalt med luft i den, og ha klar fleire i reserve! Med denne kan ein få til ein tilnærma spelesituasjon, samtidig som dette gjer det lettare for alle å delta.

                            Utstyr: ballongar, nett

 

"Juksevolley"

Ein fin øving er at ein spelar vanleg volleyball, men tillet at ballen kan vere i golvet eit visst antal ganger. Her lyt ein vurdere etter ferdigheitsnivå kor mykje ein skal tillate.

                            Utstyr: som volleyball forøvrig

 

Til toppen

Enkle slagøvingar

 

Parøvingar

Her kan du finne mange variantar. Her er nokre døme:

Elev 1 Elev 2
  • kastar ballen til elev 2
-Tek imot med baggerslag, fingerslag osv.
  • Elevane slår ballen til kvarandre med bagger- og fingerslag. Elevane kan slå to-tre gonger til seg sjølv før dei sender ballen tilbake.
  • kastar ballen til elev 2
-Skal returnere ballen med volleyballslag mest mogleg presist.

Her kan ein variere mykje, og det finst veldig mange variantar.   Berre fantasien set grenser! Parøvingar vert mykje brukt av volleyballag for å trene teknikk.

                           Utstyr:     halvt klassesett volleyballer

 

"Volleybasket"

To og to elevar spelar mot ei basketballkorg. Det spesielle er at dei kun kan bruke slag for å få ballen opp i korga. Du kan her spele til t.d. 20 poeng og gje 3 p. for baggerslag i korga og 2 p. for fingerslag og 1 p. for andre slag. Her er erfaringa mi at ganske mange elevar vert bevisst på kor kontrollerbare volleyballslag eigentleg er. Denne øvinga kan i tillegg brukast som oppvarming.

 

til toppen

Teknisk trening

 

Dersom elevane er interesserte og dei har fått gode grunntekniske ferdigheiter, kan det vere lurt å lære dei litt meir "avanserte" teknikkar innan volleyball. Dette kan vere smash, "pannekake" overarmserve osv. Her skal eg ikkje kome inn på konkrete måtar å øve inn dette på, men peike på ting ein må vere merksam på.

 

til toppen

Taktisk trening/speling

 

Beach-speling

To og to elevar spelar på lag på ei innskrenka bane. No er det berre dei to som skal hindre motstandaren å få ballen i golvet. Dette fører ofte til at dei lærer seg plassering og samhandling. Fin øvelse, men lærar bør vere i nærleiken og gje hint undervegs. Ulempen er at ein treng forholdsvis stor plass.

                    Utstyr:     ballar + utstyr til å avgrense speleområde

 

Paradis

Det same som ovanfor ,men no slik at den eine sida av bana vert kalla for "paradis". Målet er å få stå der så lenge som råd er. Ein spelar vanleg, men den som vinn ballen, får stå i "paradis" neste ballveksling. Den som taper, må byte plass med eit nytt lag. Fordelen med dette er at fleire vert aktivisert på same tid, men ein bakdel er at det vert mindre trening på kvar enkelt.

 

til toppen