Turneringar i samband med skulevolleyball!!

Ei gulrot til auka innsats i kroppsøvingsfaget, kan ofte vere "turneringar med noko attåt"

Her er enksempel på to forskjellige:

 

Ungdomsskulemeisterskap

 

Her i Sogn og Fjordane har Sogn og Fjordane Volleyballkrets teke initiativet til eit meisterskap for ungdomsskular. Her kjem elevar frå mange skular saman for å spele volleyball, og ikkje minst treffe andre ungdomar i ei spanande sosial ramme.

I UMSK vert det spela med mix-lag, dvs. både jenter og gutar på same lag - uavhengig av ferdigheitsnivå!! Innleiiande rundar vert spela lokalt mellom naboskular, medan dei beste frå desse rundane går til finalen, ei helg ut på våren.

UMSK er ei spanande turnering der det skal vere ei blanding av sosialt samver, spenning og ikkje minst volleyballspeling. Interessa er aukande, så det er tydeleg at ideen er god. Til eks. kan eg nemne min eigen skule, der vi stilte med 3 lag i innleiiande runde, og vi er berre 22 elever på ungdomstrinnet.

Dette både volleyball-faglege og sosiale tiltaket bør nettopp du setje i gong der du bur. Dette kan vere ein god motivasjonsfaktor til større innsats på skulen. Ta kontakt med din volleyballkrets for å høyre om det er noko liknande der du bur. Dersom ikkje, ikkje nøl med å ta initiativet.

Din krets finn du her

Skule  -VM

 

Som ein verkeleg stor gulrot, vert det annankvart år arrangert skule-VM for college-lag. Dette tilsvarar 1. og 2. året på vidaregåande skule i vårt system. Dette er ei turnering der eit lag frå kvart land deltek. Turneringa vert arrangert av ISSF (International school-sport federation) i forskjellige land kvar gong. Dei siste åra har det vore lag frå Hafstad vidaregåande skule som har delteke for Noreg.

I tillegg til konkurransane, er det mykje sosialt tilknytta arrangementet. Ungdomane får guiding på lokale turistattraksjonar, det vert arrangert bankett og div. andre deltakararr. Det vert arrangert kvalifisering i kvart land til denne turneringa.

I 1998 vart skule-VM arrangert i Aten, Hellas, medan det i 2000 vart arrangert i Porto, Portugal

Bilete frå skule-VM i Hellas kan du sjå i bilete-arkivet her.