Utstyr:

I bilete nedanfor ser du korleis kva utstyr som må vere på plass i ein volleyballkamp på 1. divisjonsnivå.

banen.gif (43733 bytes)

MEN til skulebruk treng vi såvisst ikkje det beste av utstyr. Det er vel slik på dei fleste skular, at ein slit for å få budsjettet til å gå i balanse. Dette gjer vel at eindel utstyr til bl.a. kroppsøvingsrommet vert nedprioritert.

Eg vil her kome med nokre små forslag til kva utstyr ein strengt tatt bør ha, og korleis ein kan greie seg med provisoriske løysingar.

 

Bana

Ei volleyballbane er i utg.pkt. 18x9 m, men her lyt vi greie oss med det vi har. Det går heilt fint å spele volleyball i små gymnastikksalar på t.d. 13x6 m. Det er greit å ha oppmerka midlinja, 3-m linja og eit serveområde til å serve frå. I små hallar er det lurt å bruke veggen som "ut". Då er lettare å bedømme ball ut/inn enn dersom du nyttar linjer rundt bana.

Nett

Eit nett er sjølvsagt! Pass på å har skikkeleg fester SOM ER REGULERBARE frå ca 1.60 til 2.50 m høgde. I tillegg er det lurt å ha eit tau som er langt nok til å spenne på langs av salen. På den måten kan du dele inn i mange mindre volleyballbaner slik at fleire (alle?) kan få spele på ein gong. Venting er noko av det kjedelegaste ein skuleelev veit!

Ballar

Her er det viktigaste! Ein toppball kostar rundt 600 kr, men ein greier seg fint med såkalla treningsballar til nær halvparten av prisen. Pass på to viktige ting. Unngå plastballar! Dei er vonde å slå, og elevane mistar "gløden" når det svir på armane etter eit baggerslag. Til begynnaropplæring er det lurt å ha soft-ballar i volleyballstørrelse. Her bør ein ha eit halvt klassesett. Dette er ballar som kan nyttast til ein lang rekkje øvingar i kroppsøvingstimane, og bør såleis prioriterast opp på innkjøpslista.

Personleg utstyr

Elevane kan med fordel ha gensrar/skjorter med lange armar på. Dette fordi det i byrjinga svir litt på armane når du sler ein volleyball. Knebeskyttarar er det mange som seier er nødvendig, men mi meining  er at på skule-begynner-nivå er det unødvendig fordi elevane ikkje vil vere så aktive i forsvar langs golvet. Når nivået kjem seg, kan det derimot vere lurt å ha.